Norddal: Grøtet og Litlegrøtet (26.04.2014)


Start point Kilsti (490m)
Endpoint Kilsti (490m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 5h 49min
Distance 19.0km
Vertical meters 1,500m
Map
Ascents Grøtet (1,519m) 26.04.2014
Litlegrøtet (1,342m) 26.04.2014
Skrednakken (721m) 26.04.2014

Sunnmøre pf 50, status etter helga 839/926. Kom til Kilsti fredag kveld og la oss til i bilen på parkeringa. Kom meg avgarde 0650. Veldig tidleg, men planen var at Lise skulle ta Grøtet etterpå. Var usikker på kva eg skulle gjere, men enda opp med å gå mot Skrednakken. Brukte ca 1,5 timar ut der på telemarkski med plastsko. Vidare ryggen frå vest til Grøtet. Vart ein del skibering her, 3-400 høgdemeter. Ein titt på klokka og eit lite blikk ned i sørsida på Grøtet gjorde til at eg bestemde meg for Lisjegrøtet i tillegg. Eg er ingen brattkjøyrar på ski, men dersom det er det som må til så går det og. Bratt skikjøyring ned furene på sørsida av Grøtet! Plastsko og telemarkski er så gull på slike turar! 200 lette høgdemeter til Litlegrøtet. Fantastisk nedkjøyring mot Rønneberg. Det var enno tidleg dag og eit lite sløshlag var akkurat nok til å sette legendariske svingar. Traudige veilabbing opp til bilen igjen, men for ein temperatur! Shorts og t-skjorte. Lise kom rett etter meg tilbake til bilen. Ho hadde vore på Blåhornet med Vinjar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.