Sogndal/Luster: Supphellenipa og Opptakshaugane (20.04.2014)


Start point Lyngstad (430m)
Endpoint Lyngstad (430m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 11h 00min
Distance 46.0km
Vertical meters 2,200m
Map
Ascents Nord for Myrhaugsnipa (1,648m) 20.04.2014
Opptakshaugane (1,678m) 20.04.2014
Supphellenipa (1,729m) 20.04.2014

Lang skitur frå Stardalen i Jølster. Denne har stått på blokka lenge. Torleiv og eg kjøyrde til Lyngstad der vi møtte Kjell som og var med på gårsdagens tur på Strynefjellet. Etter ei god prateøkt med faren hans kom vi oss avgarde. Kjøyrde litt oppover sætrevegen. I det vi ser Kvannebakknova ser vi at det er mykje vind i høgda. Oppover mot Strupen blir vi i tvil om dette er noko å satse på. I tillegg blir vi tatt igjen av ein kar med telemarkustyr, busett i Oslo og med svært mykje utdanning. Skilde lag med han og gjekk retning pkt 1734. Vinden var til å leve med, og vidare utover dagen stilna det og vart legendarisk. Kjell som har budd heile livet ved foten av breen skulle faktisk i dag få eit par nye toppar, og eit innblikk i korleis tankesettet til toppidiotar er.

Vi passerte Supphellenipa på vestsida og gjekk til toppen Nord for Myrhaugsnipa. Vidare nordover og til Supphellenipa frå sør. Her måtte det til eit lite kunstverk av overtaling for å få med Torleiv på Opptakshaugane. Han minnest med skrekk og gru ein anna tur der ein liten snartur på Høgtunga 1912 vart til ei helsika dryge affære. Løysinga vart: ”Dette er kanskje den tyngste toppen å ta igjen i heile Sogn og Fjordane. Ligge helveta avsides til. Du må inn til Veitastrond for å plukke den. Men du kan no berre gli nedover og kjøyre heimover. Eg skal alltids kome meg ut i Anda”. Torleiv tygga so hardt på dei dobble nugattiskivene sine at kjeften holdt på å gå utav ledd. ”Nei vist det skal være på denne måten skal de få slite med meg bortover” var svaret. Så då var det i boks. Opptakshaugane tok ca 2 timar med ei god matøkt før vi starta oppigjen siste kneika. Transport fram til vi starta nedkjøyringa. Frå Strupen og nedover sløsh, hadde vi vore litt seinare hadde det blitt eit mareritt med nyfrosen gjennomslagsskare. Tilbake ved bilen kl 2020. Brus, bananer og prat med far til Kjell før vi kjøyrde heimover. 46 km er målt med verktøyet på kartet. Trur denne hadde passert 50 km om vi hadde gått med GPS.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.