Skjåk/Norddal: Ski Classics, Hamsedalen langlauf (30.03.2014)


Start point Hamseviki (900m)
Endpoint Hamseviki (900m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 8h 15min
Distance 36.0km
Vertical meters 1,150m
Map
Ascents Kolhø (1,418m) 30.03.2014
Langegga (1,589m) 30.03.2014
Middagshornet (1,312m) 30.03.2014
Såthaugane (1,307m) 30.03.2014

Då gjekk startskotet for dei siste 100 toppane på Sunnmøre, pf 50. Status etter i dag 830/926. Tidleg start, 0630 frå Statoil Nordfjordeid. Så stilde vi klokka ein time og den vart 0730. Klar til avgang i Hamsevika rett over 0900 sommartid. Lyset var flatt og kjedeleg første partiet innover, men sola fekk snart tak og det vart ein kjempeflott dag, med påskesløsh og god temperatur. Det som sjokkerte oss mest var å finne ut at 2 gravemaskiner og ein dumpers hadde vore innover til Heimste Viavatnet, ein avstand på ca 12 km. Stødig arbeid for å seie det pent. Her må det ha gått med minst 14 liter kaffi og 3 pakkar Rød Mix. Vi osa innover dalen i eit scooterspor, men folk såg vi ikkje heile dagen. Kva gjer folk på eigentleg?

Vi kom inn på ruta mot Kaldhusseter gjennom Fagerbotnhalsen. Vidare over Såthaugane og Middagshornet, ned til Fagerbotnvatnet og nordryggen til Langegga. Herifrå sørover eit par km før vi runda rundt nordover til Kollhøvatnet. På med kortfellene igjen og ein dryg km til dagens siste Kolhø. Returen til Hamseviki gjekk strålande, men Kroksleiven sleit med dårleg gli på skia. På heimveg kosta vi på oss brus og potetgull på Esso Stryn. 2 pakkar var knørva før Kjøs bru, kombinert med høglydt kolsyreraping, medan vi rakka ned på cat-skiingmiljøet på Harpefossen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.