Eid: Svartegga (28.03.2014)


Start point Lotsbergskåra (290m)
Endpoint Lotsbergskåra (290m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 2h 45min
Vertical meters 760m
Map
Ascents Svartegga (1,047m) 28.03.2014
Nye sko og gamle ski
Nye sko og gamle ski

Etter skidag med 8. klasse til foten av Sunndalsnipa og Kyrkjefjellet vart veret utover dagen legendarisk. Vel heime på Lotsberg pakka eg telemarkskia og litt niste og kjøyrde til Lotsbergskåra. Utruleg lite snø i år, og dette var første skitur for sesongen! Konstaterte at forma ikkje har kollapsa totalt. Vindstille og fint på Svartegga. Såg mot Snønipa, virka som det var litt disig lenger søraustover. Tanken om store ekspedisjonar i helga må kanskje revurderast. Frå Svartegga svinga eg lett nedover den første bratte bakken mot Gjørva. Nye sko kjendest gollje gode ut. Scarpa T2 thermo kjøpt nye på Finn for 500 kr + frakt. Utruleg kva ein kan finne tak i med litt leiting. I siste bakken før Gjørva small det plutseleg og eg hadde null kontroll på venstreskia. Bittert å oppdage at skia var knekkt. Ikke værst med skia, men at returen no vart veldig trasig. Knota meg nedover på ei ski, den andre festa på sekken. Ok, gamle ski, 5 år, godt brukt. Må kanskje kunne avskrivast. Etter telefonar til otto og heika var helga enno like uklar.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by Hegemykl 31.03.2014 23:00

    Du e en kraftkøyrar du Ove;)

  • -
    avatar

    Head

    Written by boven 28.03.2014 21:32

    head monster. dvs eg har ei ski til deg. ikkje tylefere nei, såg ut som tretthetsbrudd, rett under skoen. 5 år og 200000 høgdemeter. Då blir det å plukke ned Snøulvane til Vøkl eller Norbert Joos. Evt har Lise nokre plankar, det får halde denne sesongen.

  • -
    avatar

    tylefere eller?

    Written by kroksleiven 28.03.2014 20:52

    kva for eit par du braut?

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.