Bremanger: Røysafjellet, Ramsskredfjellet og litt til (19.01.2014)


Start point Indrehus (40m)
Endpoint Indrehus (40m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 45min
Distance 22.0km
Vertical meters 1,400m
Map
Ascents Kruna (120m) 19.01.2014
Nipa (864m) 19.01.2014
Ramsskredfjellet (793m) 19.01.2014
Aust for Ramsskredfjellet (780m) 19.01.2014
Røysafjellet (726m) 19.01.2014
Svartevassfjellet (851m) 19.01.2014

Møtte Kroksleiven på Stårheim fergekai 0915. Kjøyrde forbi stusselege Svelgen til Indrehus der dagens tur starta. Parkerte på ein lunneplass der det var skilta om at vegen vidare var stengd. Gjekk skogsvegen sørover mot Storeteigen. Skogsvegen slutta og vi tok bratt opp ur ved linja. Ein tunnell innover i fjellet fekk oss til å stusse, vi gjekk litt innover og såg det var lys der inne. Samtale med lokalkar seinare oppklara at her var det 600 meter med trallebane innover til vatna. Muleg vi kunne gått denne med lyktene våre men det hadde vi ikkje info om der og då. Istaden vart det fjellet innover i ein helvetes vind.

Kroksleiven gjøymer seg for vinden.
Kroksleiven gjøymer seg for vinden.

Gjekk vest for Litle Teigvatnet. Etter kvart vart det å leite fram stegjerna som vi heldigvis plukka med. Isete og hardt oppover svapartia mot Ramsskredfjellet. Liten pause på toppen der medan vi hykte oss ned bak ein liten hammar. Osa vidare mot Svartevassfjellet og Nipa. På veg opp på Nipa gjekk vi i eit klassisk leheng. først knallhard skare og så etterkvart litt snø oppå. Den klarte vi å løyse ut og vi sette oss på ræva nokre meter nedover. Ingen dramatikk. Rusla oppover ein gong til. Etter denne lang etappe langs vestsida av Klenevatnet til vi kom til hytta i nordenden. Gjekk til skaret mot Røysafjellet. Her tok vi høgde med GPS. Røysafjellet 726 har pf 100+. Forskjell topp-skar målt til 100-101 meter. Tilbake i skaret fulgte vi stien på kartet rundt Fossedalsvatnet og Demmevatnet til vi kom inn på skogvegen igjen. Kroksleiven, som i tillegg til å være lærar og gardbrukar er anleggsmaskinførar, gjekk heilt bananas då vi kom frampå ei gammalje Ford gravemaskin. Han meinte det var berre å sette seg inn og fyre opp rusthaugen. Nesten nede ved bilen møtte vi denne lokalkaren + ei still dame. Han var tydelegvis glad for å få prate med andre enn kjerringa (vi kom oss nesten ikkje unna) Han kunne blant anna fortelje om denne tunnellen, at Ford gravemaskina var kondemnert, skihopp i gamle dagar og at ungdomen sat inne og trykkte på mobil og data. Ein bra mann som vi sikkert kunne prata lenger med.

Kroksleiven opp mot Nipa 864
Kroksleiven opp mot Nipa 864

Etter denne store opplevinga fekk vi oss kvar sin pakke potetgull + brus på bensinstasjonen i Svelgen. Eg rota det til så vi ikkje hadde sjangs på ferga 1745, men då rakk vi iallefall ein bonustopp i Svelgen sentrum, Kruna 119 moh. Den tok vi med haudelykt og joggesko.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.