Askvoll: Tour de Askvoll, dag 2 (12.01.2014)


Start point Nipebu (500m)
Endpoint Markavatnet (160m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 00min
Distance 19.6km
Vertical meters 1,200m
Map
Ascents Indrevågefjellet (683m) 12.01.2014
Kvamsnipa (651m) 12.01.2014
Portafjellet (779m) 12.01.2014
Vardeheia (777m) 12.01.2014
Etter laurdagskveldens store tur var det godt å ligge i påsan til kl 0900. Klokka var vel bortimot 1130 før vi kom oss avgarde frå Nipebu. Gjekk vestover langs Langevatnet og tok av på merka rute mot Stongfjorden. Første topp Vardeheia 777. Her var det folk ein halvtime før oss, vi såg dei i himmelsjå. Vidare mot Portafjellet såg det litt bratt og knotete ut, men det løyste seg fint.
Portafjellet
Portafjellet

Vi tok opp ei hylle til vatnet som ligg rett sør for Portafjellet, gjekk over vatnet og til topps frå nord. Vidare mot Indrevågefjellet, kom ned i skaret aust for Norddalstjerna. Sette igjen sekkane rett aust for Kvamsnipa og trakka til den langdryge beten til høgste punkt 683 på Indrevågefjellet. Det var no berre utmarsjen igjen, ca 6 km til bilen som stod parkert aust for Markavatnet. Janne lot seg heldigvis lokke med på fastfood på Førdekroa. Så fekk eg fylle kaffikoppen på Eikås før eg snudde nasa heimover. Ei svært god helg i Askvoll kommune. Her skal ein sjølvsagt tilbake. På sida til Gustav Skaar kan ein sjå video frå hytta. Flott område og flott hytte.

http://gustavskaar.blogspot.no/2014/01/hyggeleg-mte.html#.UtWEIyhxtoA

Frå Kvamsnipa, bilen står i austenden av Markavatnet
Frå Kvamsnipa, bilen står i austenden av Markavatnet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.