Askvoll: Tour de Askvoll, dag 1 (11.01.2014)


Start point Markavatnet (160m)
Endpoint Nipebu (500m)
Characteristic Hillwalk
Duration 10h 15min
Distance 26.6km
Vertical meters 2,700m
Map
Ascents Dyrehovden (275m) 11.01.2014
Fløyen (761m) 11.01.2014
Fossedalshengenipa (713m) 11.01.2014
Geiteheia (370m) 11.01.2014
Markahengenipa (605m) 11.01.2014
Sjønakletten (321m) 11.01.2014
Visits of other PBEs Nipebu (489m) 11.01.2014

Både den eine og den andre fall i frå denne helga, til slutt var det berre Janne og eg som kom oss avgarde. På telefonen fredagskvelden merka eg med ei viss interesse at Janne var veldig aggressiv i ordvalget. "Vi skal ut til Askvoll og ta føre oss av toppar". "Det er berre å begynne i ein ende og mate på". "Vi kan ikkje sette igjen nåke!". "Kvile kan vi gjere når vi blir gamle" osv osv osv. Siste 2 mnd passerte i rask film: Sofateneste, potetgull og vintersport på NRK. Desse damene er alltid i toppform pga allverdens trimturar i allverdens slags veir. Eg er ikkje eingong starta på sesongoppkjøyringa!

Tok 7-ferga frå Lote, plukka opp Janne på Eikås og gønna på til Askvoll. Første stopp var Sjønakletten. Kjøyrde av mot Kvammen og vidare på merka veg til Bjørndal. Gardstunet her var spøkelsesprega, eit lys i eit verksted ellers mørkt og trist. Vi gjekk kjappt forbi huset og våga knappt sjå oss til sides. Bratt opp bukkemark og granfelt til vi var på ryggen, lett vidare til høgste punkt. Sti kom vi inn på og, kvar den starta veit vi ikkje.

Vidare til Dyrehovden. Gjekk frå ei grushole ved Skjervane. Fann skogsveg som ikkje står på kart og vidare merking og sti til toppen! 2 bøker her i Tupperware-innpakning. Askvoll husmorlag og eit anna lag som er gått i gløymeboka alt.

Janne på Dyrehovden 275. Postkasse med 2 bøker.
Janne på Dyrehovden 275. Postkasse med 2 bøker.

Planen var no å gå til Nipebu og overnatte der. Parkerte i austenden av Markavatnet og gjekk på merka sti. Ganske snart traff vi på ein kar som eg til mi store overrasking kjende til. Gustav Skaar frå Stongfjorden hadde vore på inspeksjonstur til Nipebu, og nesten til Fossedalshengenipa. Det var slikt eit heise veir opp mot toppen at han måtte snu nokre meter før høgste punkt. Etter nokre minutt vart det kaldt å stå i ro. Vi takka for praten og at vi no berre kunne labbe i spora hans. 5-10 cm nysnø på delvis tilfrosne myrparti og sva er ikkje noko stas. Veret var no mykje bedre og blå himmel var dominerande. Vi ville nok få Fossedalshengenipa lett ja. Plukka i tillegg Markahengenipa og gjekk til Nipebu, framme der i 4-tida. Kaldt, vindstille og flott ver. Fyrte i og mekka ein middag, men turdagen var ikkje omme enno nei! Janne var heilt besatt på 2 toppar lenger sør. Den eine den mest anonyme toppen på nordvestlandet, Geitaheia 372. Trykkt ned mellom høgare toppar og nesten ikkje synleg, likavel primærfaktor 100 meter. I tillegg Fløyen 761 som vi overhodet ikkje hadde info om sti eller ruter til.

Vi pakka ein sekk med nødvendig bekledning, mat og drikke. Det tok litt tid då Janne grubla fælt på kva for ei av dunjakkene som passa til denne turen. Langa avgarde nedover i mørket med haudelykt. Den fantastiske månen som skulle lyse opp heile landskapet låg tryggt bak eit skysystem. Prøvde følgje den merka stien til Fossevikja. Det gjekk med få unntak bra. Passerte Dalsstølen og kom inn til skaret sørvest for Geitaheia. Satte igjen sekk der. På toppen var det sjøvsagt feiring, og Janne skulle teste tålmodigheten min med å trykke uallminneleg lenge på mobiltelefonen.

Geitaheia 372. Janne testar tolmodet til turfølgjet ved å trykkje på mobil.
Geitaheia 372. Janne testar tolmodet til turfølgjet ved å trykkje på mobil.

Tilbake ved sekken, og nye 500 høgdemeter i mørke og usikkerhet låg no foran oss. Fulgte ryggen sørover til 375. Etter kvart brattna det til og veivalga vart meir krevande. Ein del sva med is og snø på....og det vart enno brattare... og kva i helsike gjere vi no? Ok, her er det berre retur som er forsvarleg. Vi kunne ikkje tøya det lenger i denne sida. Fingrane var beinkalde etter kloring i snø og nokre få grastustar. Bittert. Gjekk ned ca 50 høgdemeter, liten pust... eg rusla litt vestover i ei hylle og Janne kom etter. Plutseleg ser vi ein stein på høgkant oppå ein anna. Kan det vere ei merking? Jaggu var det merking! Ny steinstabel lenger oppe, vi var ikkje i tvil. Her har det gått folk før oss! Resten vart den berømte gåturen i parken....trudde eg. Fjellgeita frå Jølster knekkte meg heilt oppover siste 200 høgdemeterane. Forbannade sofateneste og vintersport tenkte eg medan eg hang framover og prøvde få kontroll på pulsen. Frå toppen fekk vi ei glimrande utsikt over fjorden til Dale. Klokka var no 2125. Retur same vegen heilt tilbake til Nipebu. Det vart ein dryg etappe. I hytta var det enno lunk etter fyringa, kl 2300. Janne nappa fram to juleøl som gjekk ned på høgkant saman med restane etter gryteretten. Jaggu godt ein kan kose seg litt og på slike turar!

Fløyen 761, Dale i Sunnfjord
Fløyen 761, Dale i Sunnfjord

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.