Flora: Vikafjellet og Teigafjellet (05.01.2014)


Start point Sunnarvik (20m)
Endpoint Sunnarvik (20m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 19min
Distance 14.6km
Vertical meters 1,120m
Map
Ascents Teigafjellet (591m) 05.01.2014
Vikafjellet (647m) 05.01.2014

Vi kom frå Sandane og møtte Janne på Storebru. Der parkerte ho og vi kjøyrde forbi Eikefjorden mot Sunnarvik. Lise har gått i dette området fleire gongar medan ho bodde i Florø. Eg har og vore her (medan eg hadde eit forsøk på å bo i Florø. Det gjekk ikkje så veldig bra, men det er ei anna historie) Dette er nokre år sidan, men vi fann no greitt skogsvegen på sørsida av Sunnarvika. Den går austover eit lite stykke før ein kjem inn på raudmerka sti som er lett å følgje til Vikanipa. Her er det bok. Høgste punkt ein knapp km vestover. Mykje vind på toppen. Herifrå gjekk vi sørover til vi møtte elva som går mot Floatjønna. Mykje terreng her, knausar, hamrar og ikkje berre lette vegval. Frå skaret Vassetebrekka fulgte vi ryggen oppover og vidare søraustover mot Teigafjellet. Vi gjekk på austsida av vatnet, ein kjempebrølar. Veldig tidkrevande terreng. Det vart tidvis strekk i feltet og ulike vegvalg vart gjort. Retur la vi på vestsida og her gjekk det unna i eit heilt anna tempo, humøret steig fleire hakk. Frå Vassetebrekka runda vi rundt nordaustover til vi kom opp på ryggen og fann stien mot Vikanipa. Timane gjekk unna og det var bortimot mørkt. Hege og Janne hadde lykter medan eg som vanleg må tåle kritikk for å legge igjen slikt. Det gjekk likavel greitt å gå på stien utan lykt. Tilbake ved bilen ca 1715.

La ut eit toppbilde av Vikafjellet tatt frå Teigafjellet. Det gjev kanskje eit visst inntrykk av terrenget om noko er interessert.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.