Eid: Svartdalshornet (10.11.2013)


Start point Alsakersætra (400m)
Endpoint Alsakersætra (400m)
Characteristic Hillwalk
Vertical meters 600m
Map
Ascents Grønlidnibba (819m) 10.11.2013
Svartdalshornet (960m) 10.11.2013
Swing på Svartdalshornet
Swing på Svartdalshornet

Planen var først Bremanger, før eg kom i 50-årskalas laurdag. Det vart lovleg seint, og planar vart omkalfatra. Kjetil og Sylvi ville på Lisje-toren. Vel veret på formiddagen var dårleg, så før eg reiste sjekka eg Eid-lista til Kjetil og kom med forslag om Svartdalshornet. Det var heilt ok for dei, bygene kom kraftige inn fjorden. Vi kjøyrde til Alsåkersætra, her har eg faktisk ikkje vore før. Grei veg opp dit men fordel med 4x4 ettersom det var litt snø. Gjekk først nordover langs Stampelva før vi tok austover opp ein rygg mot Grønlidnibba. Snømengdene auka på. Vidare nordover vart det ein kamp i kupert terreng med tildels mykje snø som hadde blese seg til i skavlar og groper. Kort matøkt bak ein hammar før toppen. Dei fæle bygene avtok og vi fekk eit ok toppbesøk. Tok oss tid til eit par dansesteg. Retur la vi rett sørvestover mot Iglevatnet. Fin tur!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.