Vanylven: Videildsnakken (21.09.2013)


Characteristic Hike
Vertical meters 800m
Map
Ascents Myrehornet (335m) 21.09.2013
Sandvikshornet (304m) 21.09.2013
Videildsnakken (317m) 21.09.2013
Vikafjellet (339m) 21.09.2013
Åsen (221m) 21.09.2013
Rovde og Videildsnakken, før regnet kom.
Rovde og Videildsnakken, før regnet kom.

Sunnmøre pf 50, status 825/925. Då er det dei siste 100 som står for tur. Dagen var, som vanleg når ein dreg på tur i ytre strøk, prega av griseveir, tuer, myr, einer og altmuleg jævelskap ein kan tenkje seg.

1. Det er langt til Rovde for å plukke Videildsnakken. På grensa til galskap. Rovde, totalt i ingenmannsland. Fann eit skilt med "Rute 28" på. Såg aldri igjen noko merking så kvar den tok veien er ikkje godt å vite. Kjøyrde forbi Tussa sitt anlegg i Videildselva og parkerte. Gjekk ein bratt skogsvei rett motbakke. Ikkje innteikna på kartet. Lett å finne fram. Ikkje det heilt store.

2. Vikafjellet...denne har eg vore på før. Eller rettare sagt, trur eg har vore der. Muleg det var på topp 336, og at vi mangla 3 meter til høgaste. Tok turen ein gong til for å være sikker. Trasig tur i trasig terreng, mykje vind og regn i tillegg.

3-5. Plussa på 3 nissetoppar i Selje for å fylle dagen. Myrehornet....200 høgdemeter i myr og tuer. Sandvikshornet 100 høgdemeter i myr og tuer. Åsen, skogsveien/trakket på kartet kan umuleg eksistere. Store nedbørsmengder og myr og tuer.

User comments

  • -
    avatar

    Hahahahaha!

    Written by Freeflex 30.08.2016 00:48

    Word, som ungdomen seier.

    Det er ikke min type fjell dette altså. Var gjennom eit sleipt,myrete einehelvete mellom et par toppar idag. Velsvikskåla grei nok, men dissa småhaugane i resten av hesteskoen rundt Velsvika får stå i fred heretter.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.