Norddal/Rauma: Slettvikane -> Slettflybotnen (08.08.2013)
Startsted | Slettvikane (700moh) |
---|---|
Sluttsted | Slettflybotnen (1090moh) |
Turtype | Fjelltur |
Turlengde | 8t 00min |
Distanse | 21,7km |
Høydemeter | 2360m |
Kart |
![]() |
Bestigninger | Kulehøgda (1516moh) | 08.08.2013 |
---|---|---|
Søre Salhøa (1487moh) | 08.08.2013 | |
Salknappen (1639moh) | 08.08.2013 | |
Skarfjellenden (1386moh) | 08.08.2013 | |
Skarfjellenden Sør (1285moh) | 08.08.2013 | |
Skarfjellet (1723moh) | 08.08.2013 | |
Skarfjellet Sørøst (1707moh) | 08.08.2013 | |
Andre besøkte PBE'er | Slettflybotten (1086moh) | 08.08.2013 |
Då var ein dag i boks Norddal/Rauma: 7 x pf 100, Appenzeller Bier, planen for dei 2 neste var austover frå Slettvikane med overnatting i ei bu i Slettflybotnen. Den siste dagen kunne eg leve med dårlegare ver sidan den i all hovudsak skulle bestå av Vermetindane + utmarsj.
Pakka lett i dagstursekken, tok med sovepose, liten gassboks og brennar. Det skulle være gass på hytta men eg våga ikkje gamble på dette, dessutan er det greitt å bære med seg det ein treng. Snakka med ein kar idet eg skulle til å gå. Han skulle gå til Verma og det var "helveta langt" som han sa det sjølv. Han hadde info om hyttene, dersom bua i Slettflybotnen var opptatt var Langvassbu eit alternativ. Der er det 6 sengeplassar.
Rekkefølgja på toppane denne dagen vart: Skarfjellenden sør, Skarfjellenden, Kulehøgda, Skarfjellet, Skarfjellet sørøst, Salknappen, Salhøa sør. Ingen spesielle vanskar undervegs. Egga mellom Skarfjellet og 1707-toppen såg ikkje veldig gangbar ut, gjekk ned ca 100 høgdemeter og traverserte bort sørvestsida. Salknappen tok eg opp frå utosen til Kulevatnet, i sør. Frå siste topp, Søre Salhøa var det ein del sva nedover mot Slettflybotnen, men og ein god plass å gå ned.
Heldigvis ingen på hytta men det hadde vore folk der natta før. Ein båt tok mesteparten av plassen inne, fungerte og som naust. Ryddig og fint her. 2 køyer. Info om desse buene/hyttene til Grytten fjellstyre finn ein på romsdal.com. Betaling etter ønskje. Flott tiltak! Ein time etter at eg kom fram kom regnet - i rikelege mengder. Ok, tak over haudet, berre å legge seg i påsan. Ikkje radio, ikkje tlfdekn, ikkje lesestoff....åleine.....Ikkje ofte ein har det så stille og roleg rundt seg.
Kommentarer