Giske: Havsteinen, pf 50 komplett (23.06.2013)


Start point Godøya
Endpoint Godøya
Characteristic Kayaking
Vertical meters 61m
Map
Ascents Havsteinen (61m) 23.06.2013
Åsmund ser frå Havsteinen mot Godøya. Nydeleg kveld på siste topp i Giske kommune.
Åsmund ser frå Havsteinen mot Godøya. Nydeleg kveld på siste topp i Giske kommune.

Havsteinen, Giske 50 m komplett
Vemøya, Skodje 50 m

For desse 2 kveldsøyane hadde eg alliert meg med Åsmund Steen, kollektivkompis og turkompis frå Voldatida. Åsmund er til vanleg stasjonert hos ÅST og vi hadde dermed tilgang til kajakkar. Plukka opp desse på ÅST sitt lager i Vegsundet og kjøyrde mot Ellingsøyfjorden. Greitt nok at ein kan bli våte når ein driv med kysttoppsamling men regnbygene var no so alvorlege at vi vurderte heile greia...Vel før vi kom i kajakkane var det over og resten av kvelden vart legendarisk. Fann ein grusvei ned til fjorden nord for Vemøya. Padlinga over er kort og enkel. Ingen store utfordingar. Åsmund slo latterdøra på vidt gap når vi stod på toppen.

Kjøyrde vidare til Godøya og sjøsette båtane ved moloen der. Fantastisk flott padletur rundt Havsteinen. Veret hadde no letta heilt opp. Gjekk i land på austsida av øya og rusla opp den velse kneika til toppen. Stille og fint, og vi hadde god tid. Giske 50 m komplett, 8 toppar.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.