Luster/Stryn: Brenibba, Lodalskåpa + litt anna (25.05.2013)


Start point Sør for Fåbergstølen (500m)
Endpoint Sør for Fåbergstølen (500m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 13h 06min
Distance 39.0km
Vertical meters 2,400m
Map
Ascents Brenibba (2,017m) 25.05.2013
Vest for Fåbergstølsnosi (1,728m) 25.05.2013
Hanken (1,985m) 25.05.2013
Lodalskåpa (2,082m) 25.05.2013
Veslekåpa (1,987m) 25.05.2013

Etter eit par telefonsamtaler med Janne og Geir Arne var det berre å raske saman utstyret og komme seg i bilen. Rakk ferga frå Lote kl 1900 fredag kveld. Etter eit besøk hos Anne R i Sogndal for å låne stavar til turen (ja eg gløymde å plukke dei med!) kom vi til Jostedalen seint på kveld. Møtte Janne ved skiltinga til Fåbergstøylen og Styggevatnet. Ho hadde alt vore inn og inspisert, men der var ikkje tlfdekning. Det var nesten så vi høyrde lyden av ein raud pickup som tok laust nede på Gaupne. Rekna med Geir Arne fann oss ved stistart Fåbergsbreen. Medan vi jobbar med telta kjem ein Nissan King Cab i godt driv oppover. Geir Arne tar eit par æresrunder på teltplassen så steinspruten står rundt oss, medan potetgullposar og grillpølser har meir enn nok med å halde seg fast på lasteplanet. Ut stig ein turkåt og solbrun mann som vi ikkje har sett sidan den legendariske påsketuren på Tindefjell i Stryn.Stryn: Argaste toppen i Nordfjord Etter ei helse og komigangmedpraten-runde lempa han utav lasteplanet laftekapp til benkar og ved, vindunkar, grillpølser, seigmenn og altmuleg rart. Ok, tidleg soveposekveld blir det ikkje her nei! Kom oss i posen ca kl 0100.

Geir Arne med mykje rart på planet. Rigging av grillområde.
Geir Arne med mykje rart på planet. Rigging av grillområde.

Kl 0700 vart det liv i leiren. Det er merkeleg kor tida går når ein skal fyre bål til grillpølsene, smørje niste, diskutere utstyr til turen osv... kl 0850 kom vi oss omsider avgarde. Med skia på sekken labba vi innover mot Fåbergstølsbreen. Fulgte sommarruta sånn omtrent til ca 1000 meter der vi tok på skia. Ein times gange inn dit. På 1400 meter tok vi av feller og kunne gå lett innover breen. Her møtte vi to stk frå NRK som hadde vore og filma rundt Kjenndalskruna til ei ny runde med Fjellfolk. Hadde ein lang prat med dei, og Janne kjende den eine av dei. Morsomme karar. Ja klokka gjekk fort. Herifrå vart det berre å måke på ei god etappe til Brenibba. Frå Brenibba glei vi mot Lodalskåpa og gjekk bratt opp aust for Ståleskaret. Då vi kom opp på ryggen så vi at det var fleire på tur, 4 stk på vei opp frå Bødalssætra over breen. Lenger oppe møtte vi eit turfølgje til på 6 stk som alt hadde vore på toppen. Gode spor heilt opp til toppen. Godt å endeleg stå på toppen igjen, 23 år sidan sist eg var på Lodalskåpa. Då var det ein onkel, Inge Lotsberg, som fekk lokka meg, søstra og ein kompis opp. Sommartur den gang, og eg hugsar det var heilt vindstille. Like flott var det denne gangen. Vi tok oss god tid på toppen, Geir Arne lirka som vanleg fram altmuleg både etande og drikkande frå sekken.

Retur same veg som opp med 2 unntak. Vi runda Brenibba, og så gjekk vi på toppen 1730 vest for Fåbergstølsnosi. Ein ny topp i baggen. Det hadde kjølna litt så føret var betydeleg skarpare. Når vi nærmar oss ryggen blir det blautare snø og mykje "moro" kan som kjendt skje då. Plutseleg ser eg Geir Arne renner ut i eit bløtt område og gjer eit akrobatisk stunt framover i sørpa. Eg klarer ikkje bremse nok så då ligg eg der ved sida av han etter eit liknande krumspring. Prøver gaule til Janne at ho må må passe seg, men for seint og ho trynar midt i mellom oss.

Resten er transport..vi kom til telta kl 2200. Lise og eg skal ligge ein natt til Luster/Skjåk: Greinbreen og V for Gluggevardholet, medan Janne reiser heim og Geir Arne spinn avgarde til Berdalsbandet for tur til Store Austanbotntind. Takk for turen, ein riktig højdare!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.