Vågå/Dovre: Blåhøe (11.05.2013)


Start point Sandbakken (660m)
Endpoint Sandbakken (660m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 5h 30min
Distance 26.0km
Vertical meters 1,000m
Map
Ascents Blåhøe (1,617m) 11.05.2013

Etter ein lang tur frå Billingen på særs blaut og råten snø Skjåk/Lesja: Stamåhjulet og Skarvedalseggen var vi ikkje gira for meir turar rundt Grotli. Valget falt derfor på Blåhøe. Vei heilt opp, sannsynlegvis kjøyrt med trakkemaskin i løpet av vinteren. Vi var mentalt forberedt på å gå frå betalingsbommen på ca 660 moh. Då vi kom dit stod det og skilt om at vegen var stengd pga opptørking. Snakka med eit par som kom gåande og dei meinte vi kunne kjøyre lenger, men vi våga ikkje trosse skiltet frå Vågå kommune. Berre å laste skia på sekken og labbe avgarde. Eit par bilar passerte oss på veg oppover. Nokre karar med hangglider på taket såg rart på oss. Kanskje forståeleg sidan snøen uteblei. Gjekk heilt til Vole på tørr fin vei. På ca 1100 m kunne vi ta på oss skia, og no fekk vi bruk for dei likavel! Ein tyskar som hadde parkert der snøen starta kom labbande mot oss til fots. Han ville tydelegvis ikkje snakke med oss og tok av frå veien opp mot ein kolle. Der stod han plutseleg til livet i sørpe.

Vi har passert Vole. Snart ski på.
Vi har passert Vole. Snart ski på.
Mot Blåhøe 1617
Mot Blåhøe 1617

Vidare innover var det lett å gå, snøen i veien var fast og fin. Ved hytta oppunder Rundhø tok vi ein matpause. Fulgte veien vidare heilt til toppen. Mykje vind dessverre så noko lang kosestund gav vi blaffen i. Fin utsikt i alle retningar. Tunge skyer sørover men vi hadde fint ver. Glei nedover til 1100 m igjen. Tyskaren hadde kome seg laus frå sørpehelvete og var vekk. Burger på Statoil Vågå. Lise og Hege et ikkje slik grisemat, så dei knaska nokre tørre knekkebrød istaden.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.