Skjåk/Lesja: Stamåhjulet og Skarvedalseggen (10.05.2013)


Start point Billingen (730m)
Endpoint Billingen (730m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 7h 44min
Distance 30.0km
Vertical meters 1,530m
Map
Ascents Sauhaugen (1,425m) 10.05.2013
Skarvedalseggen (1,961m) 10.05.2013
Stamåhjulet (1,821m) 10.05.2013

Vi pakka i bilen på Grotli og kjøyrde mot Billingen. Usikre på veret, nokre forferdelege regnbyger nedover langs Vuluvatnet. Parkerte på sørsida av elva ved Billingen. Tok på skia med ein gong men føret var snø/lyng/snø/lyng langt oppover lia. Etterkvart meir snø av den blaute og råtne sorten. Til tider gjekk vi heilt igjennom med sørpe oppå leggen. Jadda, dette kan bli morro! Labba innover det slake terrenget, først på ca 1400 meter vart snøen stabil nok til å bære oss heile tida. Fristelsen vart sjølvsagt for stor og vi plukka ein "bonustopp" på veien. Frå 1425-toppen gjekk vi i rett linje mot Stamåhjulet. Veret kom seg veldig og det var sol som varma veldig godt. Runda og kom opp frå sør. Vidare ned i skaret mot Skarvedalseggen. Ståande matpause. Mykje vind her, ikkje aktuelt med kaffe ein gong. Frå Skarvedalseggen hadde vi flott utsikt i alle retningar. Kort avstand til Gråhøe 2014. Toppar i Tafjordfjella lett synlege, Svartegga, Tordsnose, Naushornet m.fl.

Retur la vi mot vatn 1590 og vidare til vi kom inn på spora våre igjen. Stas å gli nedover på fjellski på fin snø til ca 1400 og så var det slutt på morroa. Eller kanskje det var no morroa starta? Eit helsikes føre resten av turen. Prøvde stå jevnt på skia og satsa på at snøen bar. Plutseleg kollappsa alt under oss og vi gjekk til botnen i sørpe. Gang på gang på gang.... Enda som oftast med trynings, nesten som eit magaplask. Ein kamp å komme seg oppigjen. Ei forferdeleg nedkjøyring på ein ellers flott tur. Heldigvis tok vi det med godt humør. Pizza og gode drikkevarer venta på hytta. 2 nye 1800-metringar i boks!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.