Sogndal: Skredfjellet og Middagshaugen (17.03.2013)


Start point Berge (200m)
Endpoint Berge (200m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 3h 47min
Distance 11.0km
Vertical meters 915m
Map
Ascents Andåsen (150m) 17.03.2013
Middagshaugen (1,030m) 17.03.2013
Skredfjellet (944m) 17.03.2013

Turmål for dagen var liksom ikkje heilt bestemt. Vi kjøyrde frå Lote i godt ver i god tru. Frå Skei og innover mot Søgnesand var det ein lei vind og snødrev velta ned frå breane. Likare vart det ikkje når vi kom til Fjærland. Ein liten tur gjennom Frudalstunnellen for å konstatere at noko tur til Frudalshesten/Skjerdingane utgjekk. Tilbake gjennom tunnellen og parkerte på Berge. Eit anna par skulle i same retning og her hadde vore folk dagen før kunne dei fortelle. Kanskje var det muleg med Steindalseggi/Steindalsbreen. I stikrysset før Fjellstølen ga vi oss på dette og gjekk nordover mot Middagshaugen. Opp på ryggen og ein liten avstikkar til Skredfjellet. Vidare lett langs ryggen til Middagshaugen 1030. Mykje lei vind. Kanskje hadde det gått til 1500 meter om vi hadde satsa men den skal vi ta igjen i bedre ver. Kaffi og niste på toppen med utsikt utgjennom Fjærlandsfjorden.

Frå Middagshaugen mot Fjærlandsfjorden
Frå Middagshaugen mot Fjærlandsfjorden

20 min tilgode på ferja på Anda vart nytta til ein kjapp tur på Andåsen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.