Førde/Naustdal: Kupefjellet, Klokkarhuva og Strupen (10.03.2013)


Start point Botnen (260m)
Endpoint Botnen (260m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Vertical meters 1,350m
Map
Ascents Klokkarhuva (1,199m) 10.03.2013
Kupefjellet (1,287m) 10.03.2013
Skruklefjellet (1,222m) 10.03.2013
Strupen (1,145m) 10.03.2013

Vi starta turen lengst inne i Angedalen. Kjøyrde til Botnen, på isete og dårleg vei 50 m forbi siste bebodde hus. Her er det parkering og infotavle for Naustdal og Gjengedal landskapsvernområde. Transportetappe over Botnavatnet. Tok nordover vest for elva mot Juvbotnen. Ca 300 bratte høgdemeter med skog og dårleg skiterreng. Vidare sørover mot pkt 898 og ryggen opp til Klokkarhuva. Enorm utsikt i alle retningar, Snønipa, Gjegnen, øyar utanfor Florø osv. Vidare lett til Kupefjellet -> Skruklefjellet -> Strupen. Kroksleiven konstaterte på siste topp brudd på bindingen. Tverrstaget over tåa var øydelagt, eit velkjent problem på Voile Switchbackbindingen. Har nesten mista trua på denne no, 3. gang dette skjer i vårt lille turlag. Det vart parallellsvingar på han nedover, såg ut som ein klønete karakterlaus randokjøyrar. Nedkjøyring austover mot Tverrfjellet og så rett sør over mot Botnavatnet. Skogpartiet nederst mot vatnet for spesielt interesserte. Møtte triveleg lokalbefolkning på tur over vatnet, men over skoggrensa fekk vi gå i fred.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.