Gaular: Kvamshesten og vest for Litlehesten (22.02.2013)


Start point Bygstad (50m)
Endpoint Bygstad (50m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Vertical meters 1,450m
Map
Ascents Kvamshesten (1,209m) 22.02.2013
Vest for Litlehesten (938m) 22.02.2013

Vakna i Førde til nok ein kanondag i Sunnfjord. Kjøyrde til Bygstad. Ein eldre pratsom og hjelpsom kar var imøtekommande og kom med forslag til kvar eg skulle starte. Parkerte på Bruahaugen, fulgte skogsvei austover før eg tok av nordover langs merka sti til Kvamsstøylen. Ein del skog og hard humpete snø, gjorde meg mine tankar om ein interessant retur. Kort bananpause på Kvamsstøylen. Rett før Kvamsskaret tok eg til høgre, eller austover, opp ei renne mot toppen Vest for Litlehesten 930. Herifrå var det ca 2 km kupert, lite eigna skiterreng vestover til skaret nordvest for Seltuftevatnet. Hardt og lettgått vidare til ryggen mot Kvamshesten. Satte igjen skia på ca 1100 m og gjekk med stavar ryggen 4-500 meter austover til toppen. Stille og fint, storslagen utsikt. Grei nedkjøyring til Seltuftevatnet sjølv om det var hardt og skarete. Glei ut dalen til Kvamsskaret og fekk ok snø ned til skoggrensa. Resten vart eit kapittel for seg sjølv. Tok skogsveiane nedover aust for Kvamselva. Til slutt la eg skia på skuldra i forbannelse og gjekk rett gjennom granfelta. Har eit meget anstrengt forhold til gran og granfelt! Likavel ein veldig fin tur i flott ver.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.