Førde/Gaular: Venevassegga og Morgjelhamrane (20.02.2013)


Characteristic Randonnée/Telemark
Vertical meters 850m
Map
Ascents Morgjelhamrane (450m) 20.02.2013
Rundenova (904m) 20.02.2013
Svartenova (844m) 20.02.2013
Venevassegga (1,023m) 20.02.2013

Tur 1. Parkerte på høgste punkt rett før Rørvik Fjellstove. Gode parkeringsmuligheter. Bratt og kronglete opp første kneika til ryggen. Gjekk først nord om Svartenova til Rundenova 904. Trudde ein augneblink det var skispor over Jakobskaret, men når eg kryssa mot Venevassegga viste det seg å være scooterspor. Stille og fint på Venevassegga 1023. Bok i varden. Lenger vest låg eit skylag. Eg var akkurat austom dette og fekk sol heile turen. Glei så ned i Solheimsdalen og labba opp på Svartenova 845. Ned til parkeringa igjen var det mykje humpar og dumpar, mykje terreng. Ikkje den store nedkjøyringa men det er som kjent underordna.

Tur 2. Parkerte ved Førde skytebane. Her deltok eg på landsskyttarstevnet på 80-talet. No var det anna fokus. Gjekk gjennom skyteområdet og bratt opp bak skivene. Skau og bukkemark. Flata ut og lett vidare til Morgjelhamrane. Hadde tenkt meg på Ulltangeheia, men fann ikkje parkeringsplass langs veien så den får stå til fotsesongen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.