Sogndal: Fjellstølsnipa og Hesteskrednipa (02.12.2012)


Start point Bøyum (15m)
Endpoint Bøyum (15m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 00min
Distance 14.0km
Vertical meters 1,930m
Map
Ascents Fjellstølsnipa (1,482m) 02.12.2012
Geitaryggen (1,439m) 02.12.2012
Hesteskrednipa (1,365m) 02.12.2012
Nordvest for Hesteskrednipa (1,316m) 02.12.2012
Rundenipa (1,261m) 02.12.2012

Vi kom til Fjærland i 9-tida, -12 og kaldt nede i dalen. Parkerte ved ein raud garasje på Bøyum og fann greitt stien som går mot Geitabotn. Gjekk utan stegjern til dei gamle murane ca 580 moh. På med stegjerna her og rett etterpå opp i sola. Hardt og fint å gå til Rundenipa 1261. Herifrå var planen å gå nord om Geitaryggen og direkte til Fjellstølsnipa. Ser ok ut på kart men ikkje gjennomførbart i praksis. Måtte derfor opp bratt sør for Geiteryggen og ta denne først. Her var det mykje meir snø. Til knea og vel so det, tungt å gå. Frå Geiteryggen var vi usikre igjen. På kartet ser her stupbratt ut på nordsida, men dette gjekk fint. Ned ca 90 høgdemeter til skaret og derifrå lett opp til Fjellstølsnipa. Kort pause på toppen. Vindstille og lekkert vinterver. Tilbake over Geitaryggen og vidare ryggen mot Hesteskrednipa. Satte igjen sekkane i skaret og tok dei siste 100 høgdemeterane for dagen. Frå skaret rett austover ned Geitabotnen. Kryssa nordom elva i god tid for å sleppe krøll med gjølet. Tilbake ved bilen etter 7 timar tur. 1900 høgdemeter. Ein flott kald vinterdag i Fjærland.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.