Jølster: Sollinova (12.10.2012)


Start point Veiteberg (290m)
Endpoint Veiteberg (290m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 12min
Distance 12.0km
Vertical meters 1,200m
Map
Ascents Sollinova (1,464m) 12.10.2012

Sollinova, ein enslig topp sørvest for Snønipa. Ikkje god å kombinere med andre toppar. Kanskje muleg å gli ned på ski og ta den ilag med Snønipa som skitur? Vi parkerte på Veiteberg der sætrevegen startar. Iflg skilt berre løyve å kjøyre etter avtale med grunneigar, ønskjer om god tur og fine naturopplevingar. Heilt greitt. Nokre meter gåing på vei får ein tåle. Frå enden av vegen var det raudmerka over nokre myrar og mot moreneryggar som går oppover mot Sollibotn. Vi var ikkje klar over at denne merkinga fortsatte heilt til toppen. Frå vatnet i inste Sollibotn gjekk vi nordvestover og følgde ryggen oppover. Såg litt kronglete ut men med raude flekkar her og der gjekk det veldig greitt. På toppen fann vi kasse med stivfrossen bok. Kald sur vind og mykje snødriv gjorde toppbesøket kort. Flott skue mot Snønipa. Retur samme veg. Varierande snømengde, 20-30-40 cm. Nok ein flott dag i Jølster kommune.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.