Askvoll: Rivedal -> Stongfjorden (31.05.2020)


Start point Midtbø (50m)
Endpoint Stongfjorden (1m)
Characteristic Hillwalk
Duration 8h 43min
Distance 15.6km
Vertical meters 1,197m
GPS
Ascents Blåfjellssåta (704m) 31.05.2020
Hekkelfjellet (708m) 31.05.2020
Rivedalskletten (505m) 31.05.2020
Skålefjellet (767m) 31.05.2020
Visits of other PBEs Rivedalsstølen (300m) 31.05.2020

Det er skilta til parkeringsplassen. Den finn du her: Rivedal parkeringsplass
Vinjar og eg gjekk mot Rivedalsstølen der vi skulle møte mamma seinare på dag. Her vart det lang økt med bading og muring av damanlegg i elva. Etter kvart kom trimmarane og sjekka ut på DNT-appen sin. Lise returnerte frå si runde og eg gjekk vidare mot Stongfjorden. Først opp til Rivedalskletten. Ganske overraskande fin topp. Merka med stikker opp frå nord. Så vidare nordover Blåfjellsåta, Hekkelfjellet og Skålefjellet. Frå Skålefjellet såg eg bobilen svinge inn ved Grandane feriehus. Vinjar var kjappt i gang med håven i fjæra. Etter ei god stund på toppen fulgte eg merkinga nedover mot Stongfjorden. Trakka på noko tørrt gras, som resulterte i eit uskuldig fall. Problemet var at eg tok meg for med høgre handa. Skuldra mi no er av typen "Frozen shoulder". Det var helveta ilt. Låg og brølte, kvalm og svimmel. Kom meg på beina etter ei stund, men no vart det veldig roleg nedover. Stien nedover var ok, men det verka langt med det tempoet eg holdt no. Passerte fotballbana i Stongfjorden, som ikkje var prega av mykje aktivitet. Endeleg framme i Stongfjorden vart eg møtt av Vinjar. Bøtta var full av all verdens dyr frå fjæra og to små fisk han hadde fanga med håven sin.

Vinjar mot Rivedalsstølen
Vinjar mot Rivedalsstølen
Rivedalskletten
Rivedalskletten
Frå Blåfjellstua nordover mot Hekkelfjellet og Skålefjellet.
Frå Blåfjellstua nordover mot Hekkelfjellet og Skålefjellet.
Moldura
Moldura
Mot Blægja og Dale
Mot Blægja og Dale

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.