Oppdal: Okla og Korgtjønntangen (19.02.2020)


Start point Stenbueng (600m)
Endpoint Stenbueng (600m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Vertical meters 1,100m
Map
Ascents Korgtjønntangen (1,292m) 19.02.2020
Okla (1,582m) 19.02.2020
Ganske så bra på Okla, over skylaget.
Ganske så bra på Okla, over skylaget.
Dessverre lite å sjå på Korgtjønntangen
Dessverre lite å sjå på Korgtjønntangen

Vinterferie hos Johan på Oppdal. Johan hadde rydda i timeplanen sin så det vart 3 dagar med flotte turar. Vi var først ute i dag og måtte brøyte spor oppover lia. Etterkvart litt klabbing på langfellene og vel oppom skoggrensa var det ei lette å få på kortfellene. Eg gjekk med Fisher S-bound 112 med smørefri såle og kortfellfeste + Scarpa T4 i Rottefella Telemarkbindingar. Det har eg aldri prøvd før, men det fungerte heilt fint. Og til nedkjøyringa. Fjorårets tankar rundt randoneinverstering er lagt heilt på is. Det var ei fin stund på Okla, lite vind og bra med sikt innimellom skyene. Flott å kjøyre nedover til skaret mot Korgtjønntangen. Gjekk på denne utan feller, berre på smørefritt. No hadde vi eigentleg tenkt oss på Buslættkamben, men den får stå til ein anna gong. Artig nedkjøyring i veldig god snø. Takk til Johan for ein fin ferie!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.