Jølster/Førde: Tverrfjellet og Søthaugsfjellet (06.04.2012)


Startpunkt Dvergsdalsdalen (440m)
Endpunkt Dvergsdalsdalen (440m)
Tourcharakter Randonnée/Telemark
Tourlänge 5h 45min
Entfernung 19,1km
Höhenmeter 1.520m
Karte
Besteigungen Olahansfjellet (1.216m) 06.04.2012
Søthaugsfjellet (1.483m) 06.04.2012
Søre Søthaugsfjellet (1.457m) 06.04.2012
Tverrfjellet (1.415m) 06.04.2012

Vi kom til Dvergsdalsdalen og parkerte blant mange andre turgåarar. Dette er eit populært område i Sunnfjord, Olahansen er bortimot ein kredtopp. Gjekk i gode spor oppover lia, nokre var alt på veg nedover i allverdens regnbogefarga bekledning. Gjekk til høgste punktet på Olahansfjellet, der det var lite folk. Virka som dei fleste ruskar av fellene lenger nede og har nedkjøyringa som første pri. Ufatteleg for oss. På eit spørsmål om dette var nok til å notere toppen i boka fekk vi aldri svar, gjengen såg ut som nokre spørsmålsteikn. Resten av dagen såg vi ikkje folk.

Frå Olahansfjellet glei vi vidare sørover, planen var ein god rundtur. Lett og fint mot Tverrfjellet 1415, no i Førde kommune. Det låg eit lavt skylag nedpå toppane og lette snøfiller var i lufta. Fin temperatur og vindstille, så berre velstand. Frå Tverrfjellet glei vi søraustover ned til utosen i Tverrgrovvatnet. Vidare nordaustover igjen til Søthaugsfjellet. Nedfarten vart legendarisk! Ein av dei verkeleg gode. Glei mot pkt 1373 og svinga nordvestover ned i dalen. Her var det fantastisk snø, det var berre å la skia gjere jobben. Det vart eit stykke å gli utigjen Myklebustdalen. Det gjer ingenting når dagen og føret er slik som dette!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.