Luster/Lom: Hillerhø og Gravdalstinden (17.05.2019)


Start point Sognefjellsvegen (1,380m)
Endpoint Sognefjellsvegen (1,380m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 6h 53min
Distance 27.2km
Vertical meters 1,422m
GPS
Ascents Gravdalstinden (2,113m) 17.05.2019
Hillerhø (1,622m) 17.05.2019

Vi brukte litt for lite tid på å finne beste startpunkt, noko som resulterte i ein liten knekk på ruta og litt lenger retur enn nødvendig. Skulle heller ha starta ved Sognefjellshytta. Men greitt nok. Ganske hardt og bra gli på formiddagen, dette endra seg til legendarisk sugeføre utover dagen. Hillerhø er ein lite besøkt topp litt utanfor allfarveg, men midt i blinken for oss som samlar på S&F-toppar. No er snart fylket historie, men slike tullete regionreformar forheld vi oss ikkje til. Vi vil halde fram med å samle i S&F. Vi var litt spent på den vestryggen oppover mot Gravdalstinden. Når vi stod på Hillerhø såg vi ruta ganske greitt, og det var ingen problem. Skia på heile vegen, mellom knattar og knøs. Oppe i sida der kunne Torleiv melde om stemmer frå toppen. Vi frykta det værste, men der var berre 4 stk. Trivelege folk som vi hadde ein god prat med. Fekk og låne flagg til å forevige 17. mai. Vindstille og lekkert på toppen. Returen over breen gav ikkje den beste glien i den blaute snøen, og siste kilometerane vart ganske tunge pga varmen og snøen. Angra på at shortsen låg igjen i bilen. Så vart det middag, før ein kveldstur til Prestesteinshøgdi og Dyrhaugen. Glimrande nasjonaldag på Sognefjellet.

Torleiv klar for 17.maitur på Sognefjellet
Torleiv klar for 17.maitur på Sognefjellet
Vi nærmar oss Hillerhø og studerer bakken til Gravdalstinden
Vi nærmar oss Hillerhø og studerer bakken til Gravdalstinden
Bra mann som ikkje er kresen på toppane!
Bra mann som ikkje er kresen på toppane!
Mot Fanaråken frå Hillerhø
Mot Fanaråken frå Hillerhø
Frå Hillerhø mot Gravdalstinden
Frå Hillerhø mot Gravdalstinden
Frå Gravdalstinden mot Hillerhø
Frå Gravdalstinden mot Hillerhø
Folk møtte vi og, fekk låne flagget med eit par frå Trondheim.
Folk møtte vi og, fekk låne flagget med eit par frå Trondheim.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.