Luster: Heggmyrane -> Leirdalen (06.04.2019)


Start point Sogn Skisenter (325m)
Endpoint Leirdalen (420m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 7h 30min
Distance 26.0km
Vertical meters 1,900m
GPS
Ascents Asbjørnnosi (1,610m) 06.04.2019
Grøndalseggi (1,423m) 06.04.2019
Høgaleinene (1,064m) 06.04.2019
Krokberg (1,356m) 06.04.2019
Rånøyeggi (1,359m) 06.04.2019

Sogn og Fjordane pf 100 574/1168 (Denne blir neppe fullført men ein kan nå telle seg oppover)
Frå Nonhaug hadde vi sett at det var snø i heile traseen på skisenteret. I utgangspunktet var vi motiverte for 3 toppar frå sør, Høgaleinene, Krokberg og Rånøyeggi. Etter eit par dagar med sjukdom i kroppen var eg ikkje heilt i toppform. Sleit som vanleg med å få i meg nok mat, i tillegg til for lite væske på turen som vart lenger enn planlagt. Etter å ha inspisert sanitærforholda på skikafeen og slått av ein prat med skipatruljen kom vi oss avgarde rett over 10. Vi la på langfeller og gjekk rett opp heile traseen. Dei som passerte oss var stort sett 5-6 turgåarar som vi fekk kontakt med utover dagen. Dei hadde lurt på kva tulljebukkar som gjekk opp. Starta turen frå heisen vidare innover med å ta av fellene og gå utan. For første gong har eg no breiaste Fisherskia med crownsålen, altså smørjefri. Sbound 112 heiter skia, og etter ein tur er eg positiv til dette prøveprosjeket. Kan gå slake stigningar utan problem. Spesielt i solpåverka snø sat det godt. Seinare la eg på kortfeller og kunne gå ganske bratt opp. På vei mot Krokberg møtte vi ein lokalkar som vi prata med. Han sa at 2 stk foran oss var på vei til Asbjørnnovi og ned til Leirdalen, og anbefalte oss å følgje etter. Vi rasla med kartet og grubla litt. Utfordringa var skyss tilbake, taxi var eit alternativ vi kunne leve med. Plutseleg var ein stortur på blokka, og sjukdomen slapp taket. Dette resulterte i ei fartsauke av dimensjonar. Kosta over Krokberg og Rånøyeggi og kom i hælane på dei to andre opp mot Asbjørnnovi. Batteria på GPSen konka ut og dei nye var ikkje nye. Derfor sluttar sporet der. Flott kort stund på toppen før vi kunne følgje spora til andre nedover til Vetle Grøndalen. Her fekk vi fin snø og dei nye skia var veldig lettsvinga. La på langfellene og tok siste bakken oppover til Grøndalseggi. Her var det mykje skispor som førte nedover til Leirdalen. Kunne sjå turfølgje på Hest. Delvis brukbar snø nedover lia, men etter kvart oppkjøyrt og jævligt nede i skogen. Ei dame foran meg stoppar og ropar: "Er det kjendtfolk?" Eg trudde nesten ikkje mine eigne øyrer. 2 lærarkollegaer frå Eid Ungdomsskule, og dei kunne tilby oss skyss tilbake. Snakk om samantreff og flaks. Nede ved parkeringa kjende eg no at kroppen var heilt ubrukeleg. For lite mat og drikke, samt sjukdom. Her var det berre å godkjenne helga som ein suksess og kome seg heimover. Torleiv var kjempeførnøgd med 7 nye hundringsar.

Kveld ved Sogn Skisenter på Hafslo
Kveld ved Sogn Skisenter på Hafslo
Middag med tilbehør
Middag med tilbehør
Asbjørnnosi frå Rånøyeggi
Asbjørnnosi frå Rånøyeggi
Krokberg frå Rånøyeggi
Krokberg frå Rånøyeggi
Torleiv ser  mot Hurrungane frå Rånøyeggi
Torleiv ser mot Hurrungane frå Rånøyeggi
Asbjørnnosi. 4 andre var på toppen samtidig som vi. Men mesteparten av trafikken gjekk til toppane lenger nord på ryggen.
Asbjørnnosi. 4 andre var på toppen samtidig som vi. Men mesteparten av trafikken gjekk til toppane lenger nord på ryggen.
Nordover mot Hest og Såta
Nordover mot Hest og Såta
Så langt kjempefornøgde med dagen som vart lenger og bedre enn venta og planlagt
Så langt kjempefornøgde med dagen som vart lenger og bedre enn venta og planlagt
Torleiv har fått haik frå Leirdalen til Heggmyrane
Torleiv har fått haik frå Leirdalen til Heggmyrane

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.