Luster/Sogndal: Skinarfjellet (05.04.2019)


Start point Solvorn (90m)
Endpoint Solvorn (90m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 19min
Distance 8.8km
Vertical meters 835m
GPS
Ascents Skinarfjellet (886m) 05.04.2019

Etter turen til Bjørnstigfjellet satsa vi på Nonhaug. Prøvde oss først mot Barsnes, men her var det umuleg å finne noko fornuftig parkering til bubilen. Vi ville heller ikkje kjøyre lenger innover sidan det stod skilt om at dette ikkje var ok. Løysinga vart derfor å prøve frå Solvorn-sida. Parkerte langs veien ved hårnålsvingen, heilt greitt. Fulgte skogsvei eit stykke før vi tok av på merking mot Setålen. Oppover lia herifrå var det delvis merking som vi mista etter kvart. Vart og meir snø så vi la vekt på å følgje dei bare partia oppover sida. Frå skoggrensa og oppover var det mykje snø. Heldigvis låg denne ikkje i solsteiken så den holdt oss godt heilt til toppen. Kasse med bok, berre eit besøk før oss i 2019. Frå toppen kunne vi med interesse sjå skitrekket på Hafslo der det var snø heilt ned. Dette verka meget fristande med tanke på neste dag. Returnerte samme ruta og kjøyrte til Sogn skisenter der vi overnatta i bubilen.

Frå Nonhaug mot Molden
Frå Nonhaug mot Molden
Vestover mot Sognefjorden
Vestover mot Sognefjorden

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.