Sogndal: Snaueggi (05.04.2019)


Start point Fimreite (120m)
Endpoint Fimreite (120m)
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 17min
Distance 5.7km
Vertical meters 646m
GPS
Ascents Bjørnstigfjellet (769m) 05.04.2019

Torsdag kveld var vi på lærarstemne i Sogndal. Tema: Psykisk helse og ungdom. Ein tankevekkar. Eg var langtifrå i form, kjende at kroppen ikkje var klar for storturar. Vi køyrde difor til Fimreite og sikta oss inn på eit par enkle turar neste dag. Her fekk vi tilvist parkering med bonden på siste garden. Vi fekk og tips om rute opp til Bjørnstigfjellet/Snaueggi. Etter middag og leskedrikk tok vi tidleg kveld i bubilen. Dagen etter gjekk vi først veien oppover eit stykke, forbi nokre graner. Her går det eit trakk/sti bratt opp. Ikkje heilt enkelt å følgje, men skogen er open og fin. Kom etterkvart opp i snøen som heldigvis var såpass fast at den holdt oss. Gjekk under linja, her var det og ein slags vei delvis synleg under snøen. Oppe på toppen rusla vi rundt og var innom 4 punkt som såg rimeleg like høge ut. Vi var veldig fornøgde med denne ruta. Alternativet var å følgje den langdryge vegen rundt heile fjellet, noko vi heldigvis slapp.

Torleiv på eit av dei 4 punkta vi var innom.
Torleiv på eit av dei 4 punkta vi var innom.
Sør for Sognefjorden, retning Fresvik
Sør for Sognefjorden, retning Fresvik
Austover mot Storehaugfjellet
Austover mot Storehaugfjellet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.