Jølster: Nedrebødalen rundt (29.01.2012)


Start point Nedrebø (270m)
Endpoint Nedrebø (270m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Vertical meters 1,400m
Map
Ascents Kvitsvornipa (1,230m) 29.01.2012
Solegladnipa (1,213m) 29.01.2012
Nordaust for Solegladnipa (1,267m) 29.01.2012
Steinegga (1,165m) 29.01.2012
Syskarnipa (1,282m) 29.01.2012
Trollet (1,122m) 29.01.2012

Målet for dagen var rundtur rundt Nedrebødalen nord for Jølstravatnet. Etter ein prat med lokalbefolkninga fekk vi vite at her var det mange brattkjøyrarar som kom for å utfordre naturen. Vi kunne fortelje ein gut med store auger at det var ikkje vi som hadde laga spora i sidene, og at vi hadde ikkje planar om å kjøyre så veldig bratt.

Vi starta turen med å følgje spor frå Nedrebø nordover ryggen mot Trollet. Mykje kupert skogsterreng oppover, meget befriande med opptrakka løype. Etter Trollet ei god kneik opp mot Kvitsvornipa. Enorme skavlar langs ryggen. Lettgått vidare til Syskarnipa. Etter Syskarnipa fekk vi vel dagens einaste lille nøtt, eit bratt parti ned i skaret mot Solegladnipa. Her måtte vi av med ski, og litt lirking og luring for å få alle ned. Strekninga sørvestover til Steinegga var utan problem. Det var no ettermiddag og lyset vi fekk var heilt fantastisk. Frå Steinegga til Ålhusstøylen kunne vi for det meste gli/kjøyre med unntak av eit par småbakkar. Runda Blånipa 1049 ca 500 m på vestsida. Enkelt på vei vidare heilt til Nedrebø. Tilbake ved bilen akkurat i tide, ikkje mykje meir lys. Obligatorisk brus og chips på Esso Skei.

Turfølgje Kjetil (Mbakkjen), Torleiv (Kroksleiven), Hege (hegemykl), Lise (ligroenb). Høgdemeter ca 1400.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.