Sunndal: Tåga og Navardalsnebba (28.07.2018)  6


Start point Fale (100m)
Endpoint Fale (100m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 30min
Distance 21.4km
Vertical meters 2,065m
GPS
Ascents Navardalsnebba (1,655m) 28.07.2018
Såtbakkollen (1,632m) 28.07.2018
Såtbakkollen sør (1,617m) 28.07.2018
Tåga (1,840m) 28.07.2018
Tåga S2 (1,688m) 28.07.2018

Møre og Romsdal pf 100 1158/1161

Etter turen til Storkalkinn frå Grønvollen overnatta eg i bilen der oppe. Lavare temperatur og meir vind enn å overnatte under brua på Fale. Bjørn vekkte meg i 6-tida som avtalt. Meldingane var mulighet for torden og regn frå 4-tida. Det ville eg helst sleppe. Kom meg avgarde frå parkeringa under brua kl 0745. Stien opp Falelia er kjempegod, merka mot Innerdalen. Sola hadde ikkje fått tak i sida enno, og så kom det eit skydekke inn frå aust. Såg veldig tungt ut så eg spada på til Tåga, og var der 1046. Fin rygg/egg frå Såtbakkollen og nordover. Blinka meg ut nedfart austover retning Navardalsnebba i det markerte skaret. Ein del laust nedover frå skaret. Sette igjen sekk og gjekk til Navardalsnebba. Fulgte ein rygg av stein nordover før eg tok bratt opp mot ei renne. Klyvra litt ryggen til venstre for denne renna for å sleppe ura, men etterkvart tok eg meg innigjen i renna. Her var det tydeleg trakk mot kanten. Sjekka inn på toppen 1201. No var det veldig klarning i skydekket og resten av turen vart meget fin. God kjølande vind, ellers hadde dette blitt for mykje av det gode. Etter å ha gått ut Navardalen måtte eg ned nokre bratte skrentar. Plutseleg møter eg ein mann på vei oppover. Overraskande for begge. Anders Gikling heitte denne trivelege karen. Enda opp i ein lang samtale om blant anna fjell og alpint. Han skulle og til Navardalsnebba, for første gang. Ein enorm varme møtte meg på vei ned Falelia, og temperaturen i Sunndal var 32-33 grader. Og så tenkt på dei som reiser til syden!

Frå Tåga mot Tårnfjellet. Innerdalstårnet stikk så vidt opp bakom der.
Frå Tåga mot Tårnfjellet. Innerdalstårnet stikk så vidt opp bakom der.
Navardalsnebba next!
Navardalsnebba next!
Mot Skarfjellet og Trolla-toppane.
Mot Skarfjellet og Trolla-toppane.
Frå Navardalsnebba mot Tåga
Frå Navardalsnebba mot Tåga
Nord for Innerdalen
Nord for Innerdalen
Toppvarden på Navardalsnebba.
Toppvarden på Navardalsnebba.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.