Møre og Romsdal pf 100 1148/1161
Parkerte ved Reinsvatnet i strålande ver, høg temperatur og heldigvis litt vind. 2 andre bilar stod parkert, men såg ikkje folk heile dagen. Ganske ubegripeleg eigentleg i sånt eit flott område. Gjekk nordsida av vatnet og til Reinstinden først. Bratt ur ned på vestsida av denne. Ennå brattare ned frå 1454-toppen, men ikkje styggt eller direkte vanskeleg. Fantastisk flott på Breitelnebba med fin utsikt i alle retningar. Studerte Vikesoksa som eg besøkte nokre dagar seinare. Mot Såtåtinden låg det ca 15 reinsdyr i snøbreen på nordsida. Artig å sjå når dei tok laust nedover det bratte snøfeltet. Det hadde vore utruleg spennande å utforska terrenget mot Vikesoksa. Veldig lite info å finne om denne sørryggen. Ser heftig ut men muleg ein kunne funne ei klyverute opp der på baksida. Men no blir ikkje det. Kom ned i Vikebotnen og inn på T-merka rute aust for Kolstadstølen. For ein kjempefin dal! Så var det berre å følgje denne tilbake til bilen. Riktignok langdrygt, men det kan ein ikkje klage på. Ikkje folk på Reinvassbu, ikkje folk nokon plass i desse fjella verkar det som. Ubegripeleg. På parkeringa var det no ein ny bil. Ein kar sat i skyvedøra på varebilen og grubla. Eg gjekk bort for å slå av ein prat. Skal ikkje nemne namn på karen her, men han hadde vore på alle fjelltoppane i Norge, og alle på Svalbard og. Der møtte eg min overmann!
User comments