Møre og Romsdal pf 100 1113/1160
Etter kjempeturen til Storsomrungnebba nytta eg bubilparkering til Sunndal Jeger og Fiskerforening. Kr 150 som kan vippsast. Dvs kort vei til byens etablissement der det vart pizza, øl og fotballvm. Likavel ganske tidleg start frå Grøa ca 0930. Parkerte nede ved hovudveien, det er merka Vangshaugen. Ein kan kjøyre eit par hundre meter oppover og parkere der på bra parkeringsplass. Så er det veldig god og flott sti innover dalen. Over bru aust for Dalasetra, og så ny bru over Serkja. Gjekk mot fossen langs elva, det er ikkje meininga. Søk stien litt innover i skogen. Stien oppover er veldig grei å følgje, berre å ete høgdemeter nok ein gong. Oppe i Serkjedalen bestemde eg meg for å gå runda over Hornet og Kaldfonna først og så sjå kva det vart til. Var spent på etappen Hornet til Rysskaret. Det gjekk veldig fint. Først litt ned mot den andre varden, så sørover og ned eit parti før eg runda rundt og klyvra ned i skaret. Ingen problem. Kaldfonna innfridde på ein slik kjempedag. Vindstille og flott utsikt i alle retningar. Men det trengst ein ny penn/blyant der! Om nokon tar den jobben. Berre eit besøk før meg i 2018. Så plukka eg Tårnet som ikkje er pf 100, men close. Og så ligge den forbanna avsides til. Siste bakken vart mot Serkjenebba. Satte igjen sekken og alt før eg rusla oppover. Gjekk ei hylle på austsida av bekken, her var det tydeleg sti etter dyr og kanskje folk? Så lett til topps. Kjempetur, klar seksar.
Nei eg har ingen planar om noko vidare rykk. Heller ein AFP og kaffi på støylen. Har du vore ned i Fjaler/Hyllestad og sjekka forholda? SF pf 100 er urealistisk pga tidsbruk og motivasjon. Kanskje nokre andre smålister/prosjekt.
User comments
nydelige dagar!
Written by kobbenes 02.07.2018 17:16Dette er noko av det finaste av vestlandsfjell. Eller kva seier du, etter å ha harva over det meste som bør teljast av denslags?
nydelige dagar!
Written by boven 04.07.2018 23:22Ja det er berre lekkert. og no kom nett kroksleiven og eg heim frå telttur, 3 kanondagar.
Sv: nydelige dagar!
Written by kobbenes 05.07.2018 20:44kult! artig og følge dette prosjektet! gode og artige rapportar.
Du og JoSo er jo dei ukrona kongane av vestlandsfjella. Skal du rykke frå er jo S&F Pf 100 det naturlige neste skritt.
rykk
Written by boven 05.07.2018 20:58Nei eg har ingen planar om noko vidare rykk. Heller ein AFP og kaffi på støylen. Har du vore ned i Fjaler/Hyllestad og sjekka forholda? SF pf 100 er urealistisk pga tidsbruk og motivasjon. Kanskje nokre andre smålister/prosjekt.