Sunndal: Klingfjellet (23.06.2018)


Start point Ottemslykkja (160m)
Endpoint Ottemslykkja (160m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 06min
Distance 13.0km
Vertical meters 1,500m
GPS
Ascents Klingfjellet (1,546m) 23.06.2018
Over 1700 m stigning etter GPS. Det er umuleg. Dette er bortimot ein bakke frå start til topps. 1546-160+litt småtteri. Ca 1500.

Møre og Romsdal pf 100 1103/1160
Parkerte nedanfor huset på Ottemslykkja. Her er god plass ved sidan av vegen. Gjekk forbi huset og over ei mark. I enden var det ei gammal grind der den merka ruta oppover lia starta. Stien er god, i starten tørr og fin. Lenger oppe prega av mykje vegetasjon, noko som gjorde at shortsen var søkkblaut når eg kom opp til demninga. Gjekk over demninga og fulgte dalen på vestsida. Her var det ikkje enkelt å finne noko sti eller slikt. På returen kryssa eg elva mot dei gamle setertuftene og gjekk austsida nedover. Her er det teikna inn sti på kartet. Den er ikkje lenger god å finne, men det er uansett enklare å gå her sjølv om ein må over ei stor ur. Vidare opp på sørsida av elva frå Klingråkvatna. Ser at ruta som er lagt inn her er på nordsida. Over skoggrensa lett vidare til toppen. Gjekk glipp av den finaste utsikta pga skoddeskyer som kom og gjekk. Siste besøk i boka var Halvor Blekken og Christian Nesset i 2014! Eit besøk i 2013 osv. Seier litt om kor lite besøkt denne er. Honningboksen med oransje lokk er heller ikkje spesielt vanskeleg å finne om ein vil leite litt. På returen kosa eg meg i sola nede i dalen og turen vart på grensa til triveleg.

Klingråket
Klingråket
Toppvarden på Klingfjellet
Toppvarden på Klingfjellet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.