Sunndalsfjella: Storskrymten, Salhøa og Høglegan (09.06.2018)  6


Start point Skamsdalsætrin (975m)
Endpoint Skamsdalsætrin (975m)
Characteristic Hillwalk
Duration 47h 12min
Distance 62.7km
Vertical meters 2,556m
GPS
Ascents Salhøa (1,853m) 08.06.2018
Storskrymten (1,985m) 08.06.2018
Dyrlegan (1,813m) 09.06.2018
Flatfjellet (1,848m) 09.06.2018
Grøvudalstinden (1,843m) 09.06.2018
Høglegan (1,852m) 09.06.2018
Veslefjellet (1,133m) 10.06.2018

Møre og Romsdal pf 100 1102/1160
Årets guttetur for Kjetil og meg. Som vanleg tar eg meg av planlegginga og då blir det gjerne noko i Møre og Romsdal. 2 toppar med lang anmarsj i slakt terreng passa fint, teltlivet frista og. Vi ringde Lesja Fjellstyre om leige av Salhøtjønnbua, men det gjekk ikkje før 15 juni. No vart ikkje sekkane veldig tunge og marsjen innover gjekk veldig kjappt på god sti, så at vi ikkje fekk hytte gjorde ingenting.
Kom oss avgarde frå Skamsdalsætrin ca 1400 etter kjøyring frå Lote, handling og burger på Lom. Planen for fredagen var anmarsj, men då teltleir var etablert og vi var klar til anna aktivitet før kl 1800 var det berre å gunne på mot Salhøa og Storskrymten. Vi kalkulerte 4 timar på den runda frå teltet og bomma med nokre få minutt. Kjetil var særdeles fornøgd med denne Storskrymten. Måtte på med jakka på toppane sidan det bles litt kaldt utpå kvelden. Det var siste gongen den var på denne helga, og nedentil var det shorts alle dagar. Kryssa eit jervespor i snøfelta sør for Storskrymten. Ca 27 km vart dagens distanse. Liten jeger og godt rølprat i teltet før vi slokna.
Dag 2 var runde mot Høglegan. Fulgte merka rute eit stykke før vi tok av og gjekk mot Grøvudalstinden. Vidare mot Høglegan stort sett flatt med slake stigningar. 6 reinsdyr låg og kjøla seg på snøfelta rett sør for Høglegan. Istaden for retur same veien valgte vi å gå ned aust for Høglegan og følgje ruta langs Salhøtjønnene. Dette vart ein suksess. Tilbake ved teltet i 1800-tida etter ca 23 km labbing. Då vart det god tid til Real, tømme jegerflaska og avslutte med det som var igjen av gamle historier og kraftuttrykk.
Dag 3 vart utmarsj. Vi vurderte sjølvsagt Drugshøe. No er det greitt å kome heim i vetige tid, før Vinjar skal legge seg, så då vart det ikkje. Innser at her skal ein tilbake med telt fleire gongar og plukke toppar austover mot Snøhetta. For å få ei bestigning tok vi den markante og spektakulære Veslfjellet. Her låg ei gammel t-skjorte og litt lenger borte ein boxer. Ja kva dette skal være slags stunt kan ein berre fantasere om. Møtte ein triveleg og pratsam lokalkar som var på tur innover mot hytta ved Lesjøen saman med bikkja si. Tilbake ved parkeringa oppsummerte vi med at årets tur var ein suksess.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.