Sunndal: Grøvelnebba, M&R nr 1100 (03.06.2018)


Start point Oppdølstrøa (126m)
Endpoint Oppdølstrøa (126m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 34min
Distance 10.5km
Vertical meters 1,487m
GPS
Ascents Grøvelnebba (1,428m) 03.06.2018
.

Møre og Romsdal pf 100 1100/1160
Overnatta i bilen på Oppdølstrøa. Her er parkeringsplass og infotavle tiltenkt turgåarar. Valgte ruta som heiter Ospaslåa oppover til Seterhaugen. Veldig bratt, men fin rute på god sti. Vidare lett å finne stien mot neste restaurerte løe på knappe 600 moh. Så var det ruta mot Grøvelnebba. Den fann eg ikkje. Bak løa heng ein liten raud plastlapp med Mohaugen skrive med tusj på. No skulle eg ikkje på Mohaugen så det var feil rute, men så mista eg den stien etter nokre meter. Den tar knappt til venstre bak løa noko eg fann ut på returen. Så då vart det å gå på måfå etter eigne vurderingar oppover. Gjekk nord for Horrvikbekken til eg var oppe på kanten ca 1250 moh. Så lett sørover til vestegga på Grøvelnebba. Klyvra denne oppover utan problem. Ikkje noko stygge parti her, men kan nok virke bratt og luftig for enkelte. Sistemann i boka var Halvor B, for 3-4 dagar sidan. Virkeleg ein flott topp! Retur samme vei som opp. I etterkant ser eg at ruta som er innteikna i Toppturer i Sunndal kryssar Horrvikbekken lenger nede.

Flotte restaurerte utløer i området. Her frå Sæterhaugen
Flotte restaurerte utløer i området. Her frå Sæterhaugen
Frå Sæterhaugen mot Fulånebba og Grøvelebba
Frå Sæterhaugen mot Fulånebba og Grøvelebba
Grøvelnebba, kasse og bok ved varden
Grøvelnebba, kasse og bok ved varden
Frå Grøvelnebba mot Fulånebba og Oppdøl
Frå Grøvelnebba mot Fulånebba og Oppdøl
Frå Grøvelnebba nordover mot Mohaugen
Frå Grøvelnebba nordover mot Mohaugen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.