Sunndal: Salsnebba, Storhaugen og Skrommelnebba (31.05.2018)  6


Start point Ryssdalen (510m)
Endpoint Ryssdalen (510m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 31min
Distance 15.9km
Vertical meters 1,661m
GPS
Ascents Salsnebba (1,020m) 31.05.2018
Skrommelnebba (1,548m) 31.05.2018
Storhaugen (1,180m) 31.05.2018
.

Møre og Romsdal pf 100 1093/1160
Først arbeid til 1130, så 5 timar kjøyring til Sunndal. Klar for avgang i Ryssdalen litt over halv fem. Kunne kjøyre veien til ca 500 moh der snø i veibana sette ein stoppar, men det var akkurat passeleg langt. Veien oppover var ikkje allverden, eg var glad for at eg denne gongen satsa på ein liten varebil som overnattingslokale og let bubilen stå igjen heime.

Gjekk rett mot Jamnhaugsetra. Bak denne var det ei krevande li med bukkemark oppover ca 200 høgdemeter. Ikkje sti eller noko å finne. Frå Salsnebba såg eg ei hylle opp frå Erstadbotnen som eg ville bruke. Først opp ei ur under fjellet og så til venstre. I Erstadbotnen møtte eg ein elg. Sikkert ingen sensasjon men artig for meg sidan vi ikkje har denslags her heime. Frå Storhaugen var eg litt spent sidan eg ikkje hadde funne info om den ruta eg hadde tenkt. Kryssa over Børsetbotnen for det meste på snø. Ingen problem her men snøen var faktisk litt hard siste meterane før eg kom inn på ryggen, så måtte sparke meg spor her. Så var det ryggen til topps på Skrommelnebba. Fin og problemfri rygg oppover. Brukte nevane eit par plassar. På Skrommelnebba ca 2115. Kunne i boka sjå eit besøk denne dagen, sjølvaste Bjørn Fillipsveen frå Surnadal. Tok meg ein kjapp telefon til han. I vest var det tiltjukkning med skyer, og sidan det var meldt stor fare for lyn og torden peisa eg på nedover mot bilen igjen. Dette holdt finfint. Kjøyrde til Brandstad og parkerte der på den store parkeringsplassen. Men no var det uver av dimensjonar. Lyn, torden og regn som hammra på taket bak i kassebilen. Godt eg slapp unna dette! Veldig fin og grei rute for å plukke desse 3 toppane i ein fei.

Skrommelnebba sett frå Salsnebba
Skrommelnebba sett frå Salsnebba
Oppgangen til Storhaugen ca midt i bildet. Opp ura og til venstre.
Oppgangen til Storhaugen ca midt i bildet. Opp ura og til venstre.
Salsnebba sett frå Storhaugen
Salsnebba sett frå Storhaugen
Mot Børsetbotnen som eg kryssa på snø og så inn på ryggen til topps
Mot Børsetbotnen som eg kryssa på snø og så inn på ryggen til topps
Mot neste dags prosjekt, Skrondalsbotnen
Mot neste dags prosjekt, Skrondalsbotnen
Ennå bra med snø på Fløtatind
Ennå bra med snø på Fløtatind

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.