Sunndal: Kongskrona (18.05.2018)


Start point Hoås (120m)
Endpoint Hoås (120m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 7h 31min
Distance 18.7km
Vertical meters 1,800m
GPS
Ascents Kongskrona (1,814m) 18.05.2018
Sørøstre Vinnufjellet (1,565m) 18.05.2018

Møre og Romsdal pf 100 1087/1160
Etter ein prat med Johan som hadde vært her 17. mai bestemde vi oss for å ta denne kjempeturen dagen etter. Vi hadde parkert ved stistart Hovsnebba på Sunndalsøra, og det vart ei oppleving for minneboka. Råning og burning d lux. Kva med 17. mai-råning i bunad? Ein BMW stilde seg opp og røykla heile området utan at nokon heva ei augebryn. 2 dekk låg igjen på asfalten. Opel Commodore 2,5 S, ein Kadett kom og susande. Nei dette var saker!

18. mai kjøyrde vi til Hoås og parkerte ved ein møteplass på venstre side av vegen rett etter traktorvegen som går mot stien. Det vart ei lang skibæring opp lia, men på god sti. Vi mista den ein plass der vi gjekk etter ei raudmerking. Etter at vi passerte trimkassa på kanten var det skia på. Fulgte spora til Johan og Gunn til Kongskrona. Fast og fint å gå såpass høgt til fjells sjølv om temperaturen var enorm. Triveleg stund på toppen før vi returnerte. Og sjølv med fjellski fekk vi sette ein fantastisk signatur nedover lia. Dyrelivet var og variert. Hoggorm, lemen, gauk, rype og snøspurv. Vårskiturar er noko anna enn sure vinterturar med ræva skiforhold!

Skibæring opp lia frå Hoås.
Skibæring opp lia frå Hoås.
Bratt, både lia og fjella.
Bratt, både lia og fjella.
Oppe på kanten møter skiføret og Kongskrona oss
Oppe på kanten møter skiføret og Kongskrona oss
Store Trolla
Store Trolla
Siste bakken mot Kongskrona.
Siste bakken mot Kongskrona.
Kroksleiven på Kongskrona. Dronningkrona bak
Kroksleiven på Kongskrona. Dronningkrona bak
Snota borti høgget der
Snota borti høgget der
Trolla mm
Trolla mm
Torleiv ser nordover frå Kongskrona
Torleiv ser nordover frå Kongskrona
Signatur med fjellski. Snakk om legendarisk føre!
Signatur med fjellski. Snakk om legendarisk føre!
Ein svært fornøgd Torleiv med det som vart sesongens nest siste skitur.
Ein svært fornøgd Torleiv med det som vart sesongens nest siste skitur.

User comments

  • -
    avatar

    Kongetur til Kongskrona

    Written by kolla 22.05.2018 22:14

    Bare lekkert i dei fjelltraktene der, men plagsomt dryge bakkar opp frå Sunndalen. Snart står vel Trollatoppane for tur. Store Trolla som finaletopp på MR pf 100 hadde gjort seg. Bare 70 toppar igjen nå Ove, og snart 2 mnd sommarferie!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.