Eid: Ytre Åsane (29.03.2018)


Startpunkt Lotsberg (170m)
Endpunkt Lotsberg (170m)
Tourcharakter Wanderung
Höhenmeter 200m
Karte
Besuche anderer PBE Ytre Åsane (170m) 29.03.2018
Kjempefin dag på Ytre Åsane.
Kjempefin dag på Ytre Åsane.

Etter påskeferie i Sunndalsfjella var det kjekt å roe ned med fottur til Ytre Åsane saman med Vinjar. Middag hos besta før vi la i veg, og forma var topp heile turen. Vinjar gjekk med brettekoppen sin, og gleda seg til å komme inn til Mosesbekkjen. Ja, den har namnet sitt frå bibelsoga. Han plukka forskjellige skattar i koppen i tillegg til ein hai han hadde med heimafrå. Praten gjekk i eit sett på han, for det meste om dyr og fuglar og pinnar og konglar. Dette er svære greier, og eg prøvde svare etter beste fattige evne på alle spørsmåla. Åsane er ein populær tur, vi møtte fleire følgjer, blant anna gravemaskinmannen som held på rundt driftsbygninga her på bruket. På retur fekk vi grille pølse med dei i bålpanna som står rett innafor den siste dyrka marka. Kjempefin tur for Vinjar...og pappa.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.