Solotur frå parkering Trolltindveien. Innser at vinterturar solo ikkje er favoritten, sakna turfølgje enormt undervegs. Bestemde meg for å prøve opp til Åbittinden først. Bratt opp siste kneika, på med stegjern og brukte isøksa. Så vidare til Vardfjellet, ned i dalen til ca 950 moh og opp igjen på 1292-toppen. Veldig fin snø her nede og fin temperatur. Vurderte ryggen direkte til Trolltinden, men gjekk mot skaret mellom Åbittinden og Trolltinden. Skia på sekken opp ryggen. 2 stk hadde gått heile traversen før meg, såg dei undervegs og møtte dei på parkeringa etterpå. Møtte og folk på toppen, dei hadde i tillegg vore på Ryssdalsnebba samme dagen. Populært område dette. Nedfarten på fjellski vart ikkje det store, blir ei stund til eg brukar desse skia til toppsamling igjen. Godt fornøgd med 3 pf 100 + ein rett under og reiste heim til Vinjar og Lise.
User comments