Sogndal: Reppanipa, Helleberget og Dyrhovden (13.01.2018)


Start point Geirane (430m)
Endpoint Geirane (430m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 4h 06min
Distance 12.2km
Vertical meters 820m
GPS
Ascents Dyrhovden (948m) 13.01.2018
Helleberget (988m) 13.01.2018
Reppanipa (943m) 13.01.2018

Sogn og Fjordane pf 100 567/1168
Sjeldan lang kjøyring for ein så kort tur. No hadde eg lokka Kroksleiven med Lusaskard i tillegg, men i og med at vi gjekk med plast og telemarkski vart denne etter fleire vurderingar lagt på is. Kom til Resaland/Geirane i 10-tida. Det var vel bortimot pudderalarm i Sogndalsdalen, noko parkeringa ved Togga kunne stadfeste. Her var det alt fleire bilar og storutfart. Vi folkesky særpeisar som ikkje trivast på slike stader kjøyrde lett forbi. Eg ringde på og avtalte parkering, alltid greitt å gjere det. Overraskande nok var det kjøyrt opp med beltemaskiner og snøscooter til Liastølen. Generelt var det mykje av denne slags spor alle plassar. Første stopp og årets første nye topp vart Reppanipa. Stille og fint på toppane. Glei sørvestover og kryssa langrennsløypene ved Rundavatnet og så nord til Helleberget. Her gjorde vi siste vurdering ang Lusaskard. Så då vart Dyrhovden siste topp. Herifrå enkel nedfart til bilen igjen. På heimveg sat og med mobil og hørselvern med DAB-radio og oppdaterte Kroksleiven med siste nytt frå skiflyging, skiskyting, langrenn NM, Ski Classics osv osv. Sidan denne turen er eit ledd i sesongoppkjøyringa og var såpass kort vart vi einige om å droppe potetgull og cola på Skei.

Start ved Geirane. Fekk parkere etter avtale med dama i huset.
Start ved Geirane. Fekk parkere etter avtale med dama i huset.
På Liastølen. Kroksleiven fekk telefon frå ein anna skrue.
På Liastølen. Kroksleiven fekk telefon frå ein anna skrue.
Ruta vidare mot Reppanipa. Fulgte eit scooterspor langt oppover
Ruta vidare mot Reppanipa. Fulgte eit scooterspor langt oppover
Torleiv på Reppanipa, dagens første.
Torleiv på Reppanipa, dagens første.
På vei mot Dyrhovden, Reppanipa bak.
På vei mot Dyrhovden, Reppanipa bak.
Dyrhovden og Torleiv
Dyrhovden og Torleiv
Dyrhovden og boven
Dyrhovden og boven

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.