Eid: Trolledalsegga (29.11.2017)


Start point Lotsberg (170m)
Endpoint Øvrebøen (60m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Vertical meters 870m
Map
Ascents Sagtennene (1,023m) 29.11.2017
Visits of other PBEs Lotsstøylen (420m) 29.11.2017
Forbi Fessevarden. Nydeleg lys i sør.
Forbi Fessevarden. Nydeleg lys i sør.

Med kort dag på jobb åpna det seg for ein skitur til Trolledalsegga/Sagetindane. Høgefjellet er namnet brukt på nordsida, heilt ukjendt for folk på Lote. Lise hadde vore oppover dagen før så det var berre å labbe i spora hennar. På grunn av arbeid på sendaren hadde trakkemaskina vore oppover etter siste snøfall, dvs veldig lett og fint å gå veien til topps. Det er betydeleg lenger enn å bryte seg rett opp lia, så då vart det lia. Fin snø frå støylen og oppover til skoggrensa. Lenger oppe heilt ok, litt avblese her og der. Frå toppen ringde eg Lise som var på vei heim frå jobb i lag med Vinjar. Avtalte henting på Øvrebøen på Lote. Då kunne eg berre gli veien ned til skytebana og labbe derifrå til fots, lite snø i veien. 20 minutt til skytebana og 10 minutt gåing til Televerkgarasjen.

Sendaren kjem til syne.
Sendaren kjem til syne.
Mot Svartegga
Mot Svartegga
Lotsbergnibba midt i, enden av den lange ryggen. Anda/Kiursnakken nede ved fjorden.
Lotsbergnibba midt i, enden av den lange ryggen. Anda/Kiursnakken nede ved fjorden.
Hornindalsvatnet
Hornindalsvatnet
Oppe på veien mot masta og høgste punkt på Trolledalsegga/Sagetindane
Oppe på veien mot masta og høgste punkt på Trolledalsegga/Sagetindane
Magisk lys på toppen
Magisk lys på toppen
På Trolledalsegga.
På Trolledalsegga.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.