Bergen: Byfjellenes høyeste punkt (25.11.2017)
Start point | Montana (170m) |
---|---|
Endpoint | Montana (170m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 3h 06min |
Distance | 9.5km |
Vertical meters | 650m |
GPS |
Ascents | Byfjellenes høyeste punkt (674m) | 25.11.2017 |
---|
Gløymde å slå av GPS, det er ca 6 km kjøyring som er trekkt frå turlengda. Start/topp høgdeskilnad ganske nøyaktig 500 m. GPS viste 800 meter stigning. Det verkar drøyt, har korrigert dette til 650. Ein del opp og ned småbakkar undervegs.
Sør-Norge pf 500 242/402
Toni ville være med på denne turen. "No skal vi ha det kjekkt" sa han. Han er ein svært positiv kar, men dette vart ikkje noko trivseltur. Parkerte på Montana og betalte parkering kr 75 i resepsjonen. Fulgte vei oppover og så inn på sti. Etterkvart fann vi skilt Turnerhytten 1,8 km, men gjekk over mot Vassdalvatnet og opp Soriabakken. Ein del snø og tungt å gå. Det tetta seg til og vinden var ikkje triveleg. Hadde den ennå i ryggen. Tok oss ein banan i le av Valhal før vi gjekk til høgste punkt. Kort fotoøkt her før vi returnerte til Valhal igjen. Vart enige om å droppe mat og omkledning, her var det berre å komme seg nedover. Med piskande hagl rett i mot kjempa vi oss tilbake til Soria Moria. Utan GPS hadde dette prosjektet vært svært risikabelt, sjansen for å tulle seg vekk oppå der var stor. Spora bles fort igjen. Over rabbane var det hardt og her var det umuleg å følgje ruta vår opp utan å følgje med på GPSen. Frå Soria Moria valgte vi ein anna rute nedover, kanskje utan å spare allverden. Godt å komme ned i skauen igjen og inn på den trakka ruta til Ulriken. Frisk tur kan man si.
User comments