Rauma: Smørbottstinden og Gråfonnfjellet (pf 100 komplett) (27.08.2017)


Start point Slettvikane (710m)
Endpoint Slettvikane (710m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 30min
Distance 17.5km
Vertical meters 1,500m
Map
Ascents Gråfonnfjellet (1,481m) 27.08.2017
Smørbottstinden (1,521m) 27.08.2017

Rauma pf 100 161/161

Etter turen til Storbotnshornet og fullføring av Sunnmørslista kom Torleiv og eg til Slettvikane seint på kveld. Fekk opp teltet og mekka mexikansk gryte med wienerpølser i som gjekk ned på høgkant. Stjerneklart, vindstille og fin temperatur.

Kom oss avgarde i halvti-titida eller noko slikt. Torleiv var noko tung i steget oppover den merka ruta mot Berill. Etter litt pausar og kartstudier vart vi eininge om å skille lag denne dagen, noko som er heilt problemfritt for begge. Han gjekk for 4 toppar i Norddal, ei kommune han har eit meir kjærleg forhold til enn Rauma. Så kunne eg gå for dei to toppane eg hadde på blokka, og begge kunne styre sitt eige tempo.

Turen over til Småhola er veldig fin. Stien er grei å følgje og er stort sett godt merka. Flotte tindar rundt ein heile tida og ikkje folk å sjå. Småhola var kjempeflott. Her er det muligheter for turar med fiskestang. Gjekk ganske rett nordvestover mot skaret og Gråfonnfjellet. Trur denne ruta er den beste, her var det lite ur og vanskar. Tok meg gode pausar på begge toppane i det eventyrlege veret. Ein liten titt på mobilen gjorde meg merksam på at Kroksleiven hadde bursdag, slikt kunne han vel ikkje fortelje meg den skåddebjønnen! Og korleis kunne eg vite det? Frå Smørbottstinden gjekk eg vestover eit stykke og så nedover og inn på samme ruta som eg kom opp. Var godt fornøgd med desse 2 toppane. Ikkje noko behov for klyvring til andre punkt, sjølv om eg ser janyga har hatt spennande prosjekt der! No frykta eg det vart mykje venting for bursdagsbarnet så trakka til på heimveg. Kom først til teltet i Slettvikane, men etter at eg hadde pakka soveposen til Torleiv høyrde eg han rett bak meg. For ei timing! Så då fekk han gratulasjonen, og gåva vart 1/2 liter cola og ein pakke potetgull i Valldal sentrum. Dette var ei gåve han sette enorm pris på, og den var fortært før vi kom til Liabygda. Ikkje noko nytt med andre ord!

Har dessverre ikkje GPS-spor frå turen då denne gjekk i koma dagen før.

User comments

  • -
    avatar

    Hadde du..

    Written by janyga 28.08.2017 17:29

    ..vært der et par dager før hadde vi kanskje truffet hverandre. Ikke så veldig ofte besøkt de toppene der. Gratulerer med fullføring av gjeve lister!!

    • -
      avatar

      Sv: Hadde du..

      Written by boven 28.08.2017 19:45

      Takker. Ja du det hadde vært artig! Virka ikkje mykje besøkt her. Likte turen veldig godt. Nesten på grensa til ei lita perle i Småhola.

  • -
    avatar

    Lister

    Written by Garm 28.08.2017 06:57

    Det var to relativt omfattande lister på rappen, gratulerer!

    • -
      avatar

      Sv: Lister

      Written by boven 28.08.2017 20:28

      Takker Geir Arne. Det vart litt gåing for å lande desse 2 listene ja.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.