Rauma pf 100 159/161 Møre og Romsdal pf 100 1055/1157
Jan Petter var klar for ny tur etter gårsdagens stortur til både Kvanndalstinden og Romsdalshornet. Kjøyrde bomveg kr 50 til Rabben. Gode parkeringsforhold, stor plass merka med P. Stien startar litt nærmare hyttene og er merka Hoemsbu og Svartvassbu. Veldig god sti som vi fulgte nesten opp til Hoemskaret sør for 1430-toppen. Her tok vi av over snøfelt/bre på austsida av Gjuratinden. Første vanskelege punkt er å kome seg av breen og inn på svapartia. For oss gjekk dette fint, men her kan det være vanskar om meir snø er smelta. Svapartiet er glatt, dvs fuktighet her er lite gunstig. Det er bra med tak om ein held seg heilt inntil fjellet. Når vi kom opp og bak den neste snøbreen fann vi rapellslynger. Vi tok ein kort rapell ned her.
Andre vanskelege punkt er når ein har klyvra oppover sørryggen og nærmar seg toppen. Då er det eit bratt parti med gode tak. Det er imidlertid veldig høgt og styggt nedunder så her må ein vise aktsemd og bruke dei gode taka som er. Eit fall ville vært fatalt.
Tredje punkt er når ein så kjem opp på nordryggen der den møter siste hammaren. Her er det bra tak for hendene så vi kom opp opp utan bruk av tau. Vi rappellerte ned her.
Konklusjonen er at det er muleg å gå denne ruta både opp og ned utan bruk av tau, men det er absolutt å anbefale å ha med utstyr.
Dette er ein av dei finare turane i Rauma, og toppunkter er luftig og spennande. Flott utsikt i alle retningar. Heime hos Jan Petter i Isfjorden var vi observert på toppen gjennom den enorme kikkerten han har på kjøkenet. Ingen andre å sjå denne dagen, vi fekk herligheta for oss sjølve. Veret var flott, sjølv om tunge skyer og tordenbrak lenger aust i landet skremde oss litt. Dette passerte i god avstand. På returen tok eg ein kjapp avstikkar opp til 1430-toppen medan Jan Petter venta. Ein av årets finaste turar! Då gjenstår berre ein tur i denne potensvekkande fjellkommunen. For GPS-spor sjekk JP sin rapport. https://peakbook.org/tour/226400/Juratinden.html
User comments
Missing title
Written by TopGun 12.08.2017 07:15Flotte bilder :) Grattis som "Fjellkonge"