Vestnes/Rauma: Blåtindane, Svartevasstinden og Trolltinden (29.07.2017)


Start point Parkering Venåssætra (360m)
Endpoint Parkering Venåssætra (360m)
Characteristic Alpine climbing
Duration 7h 16min
Distance 13.3km
Vertical meters 1,416m
Map
Ascents Blåtindane (1,092m) 29.07.2017
Svartevasstinden (1,258m) 29.07.2017
Trolltinden (1,241m) 29.07.2017

Møre og Romsdal pf 100 1051/1156
Vestnes pf 100 komplett
JP har lagt ut GPS-spor her: https://peakbook.org/tour/223868/Svartevasstinden+og+Trolltinden.html
Jan Petter kom heim frå campingferie og etter eit par timar stod eg på døra klar for tur! Velget vart Svartevasstinden som vi begge mangla, og vi har diskutert ei stund. Parkerte før Venåssætra, her er ein inngjerda parkeringsplass. Tok sats over nokre myrar og opp gjennom skogen. Etterkvart på hjortetrakk og ei slags merka rute oppom skoggrensa. Første stopp vart Blåtindane, ein veldig flott topp med luftig toppunkt. Kremtopp! Kasse og bok, siste besøk 27.mai, veldig lite besøkt mao. Suste lett forbi dei 2 lavare toppane, JP hadde dei frå før og eg var berre sånn passe motivert. Svartevasstinden var neste. Her møtte vi 2 frå Molde. Dei fekk klatre hammaren før oss, vi trengde litt meir tid å rigge oss til. Veldig fin klatring oppover, gode tak og lister til beina. (Heiter det lister på klatrespråket?) Frå Svartevasstinden skulle vi vidare til Trolltinden. Her gjekk vi usikkra ned i austsida i heilt greie hyllesystem. Det er alstå muleg å nå denne toppen utan klatring! Sklei på skoa siste stykket ned i botnet. Så lett oppigjen til Trolltinden. Det vart ein dryg retur, først ned renna på vestsida, så gjennom det koselige bjørkekrattet, forbi eit telt mitt i myrhelvetet, og så bom på stien langs vatnet, før vi til slutt kom oss ned til Venåssætra. Kjempefin tur i strålande ver og flott temperatur!

Veldig kjekk klatring opp hammaren i sør til Svartevasstinden.
Veldig kjekk klatring opp hammaren i sør til Svartevasstinden.
Svartevasstinden med Trolltinden bak
Svartevasstinden med Trolltinden bak

User comments

  • -
    avatar

    Grattis!

    Written by Freeflex 29.07.2017 23:22

    Har du stygge planar om å fullføre M&R i år?

    • -
      avatar

      Sv: Grattis!

      Written by boven 29.07.2017 23:25

      Nei det går ikkje. Treng 2-3 år om ikkje motivasjonen sviktar heilt.

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Grattis!

        Written by Freeflex 29.07.2017 23:33
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.