Sunndal/Lesja: Eggekollan og Grønliskardtinden (28.07.2017)
Startsted | Geitavollen (890moh) |
---|---|
Sluttsted | Geitavollen (890moh) |
Turtype | Fjelltur |
Turlengde | 6t 17min |
Distanse | 25,7km |
Høydemeter | 1359m |
GPS |
![]() ![]() |
Bestigninger | Eggekollan (1836moh) | 28.07.2017 |
---|---|---|
Grønliskardtinden (1926moh) | 28.07.2017 |
Møre og Romsdal pf 100 1048/1156
Det er klart at skal ein på Grønliskardtinden er det ski som er tingen. Ganske langdrygt og kjedeleg. Dette var eg sjølvsagt klar over, men no var eg på tur her så da så... I det eg skulle til å gå fekk eg sms frå JPV som var klar for tur neste dag i Rauma! Det vart ein ekstra motivasjon undervegs.
Det er god sti og gå på frå Geitavollen og inn Geitådalen. Gå forbi den raude hytta på høgre sida og du finn stien med ein gong. Det var folk i hytta når eg kom tilbake, men såg dei ikkje. Usikker på dette med den parkeringa som er avmerka her på PB. Det er veldig nære hytta og eg ville spurdt dei om dette var greitt. Evt kan ein parkere over brua på høgre sida av veien.
Når ein kjem inn dalen over skoggrensa forsvinn stien delvis, men det er uansett veldig lett å gå. Nokre få vardar viser den ruta eg fulgte til Eggekollan. Kryssa ei stor elv, her leita eg litt før eg fann ein ok plass, viser på GPS-sporet. Ca 1280 moh. Frå Eggekollan lett til Grønliskardtinden i snø og stein. Veret var grått og trasig, i tillegg til at forma mi ikkje var topp. Hadde ver og helse vært ok hadde eg gått til Høglegan og. Men sidan Salhøa ennå er grå på kartet skal desse plukkast ilag ved eit anna høve. Returnerte til Geitavollen og kom meg til Isfjorden utpå kvelden.
Kommentarer