Herøy: Keipen, pf 50&100 komplett (19.07.2017)


Start point Fjøresteinane (1m)
Endpoint Fjøresteinane (1m)
Characteristic Hillwalk
Vertical meters 450m
Map
Ascents Keipen (431m) 19.07.2017

Sunnmøre pf 100 518/519
Møre og Romsdal øytoppar 43/43

Ragnar ordna skyss med Lasse, som meget velvillig stilde opp med båt. Møttest kl 1220 ved hamna på Kvalsund. Susa utover til Skorpa, brukte litt tid for å komme oss inn og legge oss til. Meget grunt her. Trikset skal være å sikte på ei gule bøye som ligge oppe på marka bak husa. Ekkoen viste sånn 1-2 meter lenge så det var marginalt, mykje sidan det var nesten full fjøre. Fekk hjelp av ein artig kar på kaia. Vi måtte berre innrømme at dei to som ikkje styrde båten kunne kallast landkrabber. Rusla forbi husa og tok til høgre og gjekk langs eit gjerde. Fulgte vidare stien til toppen. Sjølv om det bles ein del på sjøen var det vindstille på toppen. Ein meget fin dag å besøke denne spesielle plassen og toppen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.