Sykkylven: Synnavindsnipa, pf 100 komplett (10.07.2017)


Start point Erstad (60m)
Endpoint Erstad (60m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 49min
Distance 18.7km
Vertical meters 1,668m
GPS
Ascents Stokkfonntinden N2 (1,224m) 10.07.2017
Sunnavindsnipa (1,367m) 10.07.2017

Møre og Romsdal pf 100 1040/1156

Kom meg avgarde frå Erstad ca 1100 etter å ha kjøyrt Volda/Ørsta. Det betyr 2 ferger men mykje kortare kjøyring. Ein familie på 4 starta omtrent samtidig. Tvillingpar i 11-årsalderen var veldig ivirige og morsomme. Dei hadde og Synnavindsnipa som mål. Skilde lag med dei etter kvart då dei skulle gå om Stabben og nordryggen. Eg ville gå frå sør for å få med meg Stokkfonntinden i tillegg. Fann ingen god rute opp mot Synnavindsnipa. Ein del snø og klyving vart det. Familien på 4 var ikkje å sjå, eg venta ei stund før eg returnerte. Prøvde risikabelt nok ei anna rute ned over 3-4 renner før eg kom til renna som tok meg ned i botnen igjen. Ikkje å anbefale, men det gjekk heilt greitt.

Stokkfonntinden ja, ut frå kart skulle ein tru at 1205-toppen er høgaste. Denne har ein pinakkel som er høgste punkt, dit kjem ein ikkje utan klatreutstyr. Det vågar eg påstå berre etter å ha studert dette på avstand. Etter kvart som eg kjem på høgde med toppane ser eg tydeleg at den nordlegaste av dei 3 er høgast. Denne vil då ha skar mot Synnavindsnipa og ekskludere dei andre 2 frå 50m-lista. GPS i skaret viste 1155 både før og etter toppbesøket. På toppen viste GPS 1220. Har lagt inn Stokkfonntinden N1 og N2. Desse blir då som følgjande:
Stokkfonntinden 1205, Sykkylven, pf ca 30 m
Stokkfonntinden N1 ca 1200, Sykkylven og Ørsta, pf ca 30 m
Stokkfonntinden N2 ca 1220, Sykkylven og Ørsta, pf ca 65 m
Andre synspunkt/målingar mm blir mottatt med interesse, dette er usikkert.
Får å nå N2 gjekk eg bratt opp frå skaret til ryggen, fulgte denne så sørover til rett under toppen, runda så i austsida og klyvra opp siste 4-5 meterane frå sør. Ikkje vanskeleg, men tok det med ro. Ville sider ned mot Hjørundfjorden, og den forlokkane Molaupssåta var tydeleg i fint lys nede i sida. Denne må takast frå fjorden. Båt/kajakk og 900 m vegetert klyving som det står i Fotturar på Sunnmøre.

Trigpkt Synnavindsnipa
Trigpkt Synnavindsnipa
Mot Ålesundområdet
Mot Ålesundområdet
Stokkfonntindane
Stokkfonntindane
Frå Stokkfonntinden N2. Molaupssåta kan nåast med 900 hm vegetert klyving frå fjorden.
Frå Stokkfonntinden N2. Molaupssåta kan nåast med 900 hm vegetert klyving frå fjorden.
Mot Stokkfonntinden, og N1 ligg i forkant her ikkje lett å sjå.
Mot Stokkfonntinden, og N1 ligg i forkant her ikkje lett å sjå.
Mot Synnavindsnipa, ruta opp til venstre ved snøfelta. Retur til høgre mot skaret og ned renna.
Mot Synnavindsnipa, ruta opp til venstre ved snøfelta. Retur til høgre mot skaret og ned renna.
Stokkfonntinden til venstre, N1 og N2
Stokkfonntinden til venstre, N1 og N2

User comments

  • -
    avatar

    Grattis!

    Written by Freeflex 10.07.2017 20:59

    Ditt langvarige forhold til Sykkylven som starta med ein legendarisk rosa Stressless har dermed nådd toppen! :)

  • -
    avatar

    Gratulerer

    Written by Bastolen 10.07.2017 20:52

    med nok en komplett kommune liste. Går utifra du hadde en flott tur i noe som ligner på sommer:-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.