Surnadal/Rindal: Mellomfjellet, Geithøtta og Trollhøtta (27.06.2017)


Start point Parkering Gjevilvatnet (670m)
Endpoint Parkering Kleva (740m)
Characteristic Hillwalk
Duration 31h 21min
Distance 53.7km
Vertical meters 3,024m
GPS
Ascents Geithøtta vest (1,349m) 27.06.2017
Geithøtta (1,349m) 27.06.2017
Mellomfjellet (1,333m) 27.06.2017
Trollhetta (1,614m) 28.06.2017
Trollhøtta Nordtoppen (1,596m) 28.06.2017
Trollhøtta Østtoppen (1,522m) 28.06.2017
Visits of other PBEs Jøldalshytta (740m) 27.06.2017
Trollheimshytta (540m) 27.06.2017

For å prøve få litt effektivitet og utnytting av dagane, vart det denne turen solo frå Gjevillvatnet til Kleva. Vi overnatta i bubilen alle 3 på parkeringa i Gjevilvassdalen. Eit par jenter slo opp teltet under den store fura, vi kosa oss i bilen i regnbygene. Vinjar og Lise skulle bruke desse to dagane på forflytting samt turar med Inger Lise på Oppdal.

Dag 1. Fulgte stien til vadepartiet over Gravbekken. Her var det ein så stor skavl på andre sida at det var umuleg å komme seg opp. Gjekk derfor oppover elva eit stykke og kryssa der. 3 svenske gutar låg i telt ved vadet. Dei hadde gått i snø dagen før og vurderte å snu, noko dei truleg gjorde sidan eg aldri såg dei meir igjen. Dei 2 jentene i teltet snudde og her, tok det som ein dagstur og ville vente på bedre ver for å gå trekanten. Eg hadde ingen retrettmulighet, så her var det berre å trakke til. Opp bakken nord for Kamtjønnin auka det på med snøen, tungt å gå. Heldigvis kom det 2 nye jenter på tur frå Trollheimshytta. Fekk litt gratis når eg kunne gå i spora deira. Veldig mykje snø og utriveleg ver langs Fossådalsvatnet. Så tok eg av frå stien/merkinga og gjekk mi eiga rute til Mellomfjellet. Ned mot Slettådalen letta det litt og eg kunne kose meg med ein skikkeleg matpause. Satte igjen sekken ved 1099-vatnet i Finnskardet og gjekk til Geithøtta, først austtoppen deretter hovudtoppen. Eit par dagsferske fotspor i snøen men såg ikkje folk i grautskodda. Tilbake til sekken og ned til Trollheimshytta der eg tok ein meget tidleg kveld i teltet. Kunne sjølvsagt overnatta på hytta, men det var ingen plan at eg skulle ende akkurat der for kvelden. Hadde derfor med lett utstyr til overnatting. Vurderte ei lita stund eit sosialt stunt med ei øl, men soveposen var god og fjellskoa søkkvåte. Så då vart det ikkje det.

Dag 2.
Vakna til blå og skyfri himmel slik som meldingane hadde varsla. Takk for det! Dette skulle bli ein kjempedag. Gjekk merka rute mot Trollhøtta. Brua var øydelagt sist vinter så det var merka til ei ny provisorisk bru. Litt lenger å gå. Det gjekk i bra tempo til kneika mot Trollhøtta. Tok det forholdsvis roleg oppover her, dag 1 sat i beina og kroppen. Kjempeflott på toppen! Nordover mot nordtoppen var det nysnø. Og snø vart det heilt til vatna aust for Trollhøtta. Einaste folka eg møtte denne dagen var 2 franskmenn på austtoppen. Trivelege tvillingbrødre som ikkje var spesielt like. Dei hadde ei veke til disp, gjekk med telt og tung oppakning. Vi diskuterte ulike rutevalg, dei hadde budd seg godt med kart og planlegging. Dei hadde nettopp kjempa seg opp den lange snøbakken frå vatna på rundt 1165 moh. Takka for praten og ønskte god tur vidare. Kunne etter kvart sjå Jøldalshytta langt der nede. Rett før eg kom til denne stod det eit telt eg drog kjensel på, og 2 jenter som låg og sola seg. Det var jentene frå parkeringa ved Gjevillvatnet. Dei hadde hatt ein fin tur på dag 1 av trekanten. Så var det berre den veien ut igjen til parkeringa. Var overraska over alle elve- og bekkekryssingane. Dagen etter skulle eg sykle inn her med Vinjar i vogna og skjønte at det ikkje vart berre rett fram. Godt å møtest igjen på Kleva. Så vart det middag og turplanlegging med Lise som skulle på Trollhøtta dagen etter.

Mine franske venner med maska dei hadde laga i never.
Mine franske venner med maska dei hadde laga i never.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.