Gloppen/ Bremanger: Frå Hyeneset til Metteneset på 4 dagar (09.08.2007)  6


Start point Hyeneset (1m)
Endpoint Metteneset (1m)
Characteristic Hillwalk
Vertical meters 3,200m
Map
Ascents Gåsa (1,024m) 09.08.2007
Månyta (1,396m) 09.08.2007
Svartevassnyken (1,259m) 09.08.2007
Nosa (1,231m) 10.08.2007
Skeistrandhesten (1,275m) 10.08.2007
Skeistrandhesten vest for (1,255m) 10.08.2007
Gjegnen (1,670m) 11.08.2007
Skarven (928m) 12.08.2007
Visits of other PBEs Gjegnen nordegga 09.08.2007

Ein turklassiker som vi ser mesteparten av frå kjøkenglaset. Hyeneset eller Skjerdalen er glimrande utgangspunkt for flotte turar, men det krev båt eller kajakk. Frå Hestenesøyra er det ikkje langt over. Her har vi padla ein gong vi skulle på dagstur til Hyeneshesten. Ein veldig flott tur.

Dag 1: Denne gangen skulle vi lenger og hadde avtalt båtskyss frå Lote til Hyeneset, med retur Mettenes-Lote nokre dagar seinare. Med telt og utstyr for 4 dagar løyste vi svetten oppover mot Hyenestølen. Stien er stort sett god å finne, men ein plass gjer den ein brå sving til høgre som ikkje er god å sjå. Vil anbefale å ikkje gå heilt til støylen, men ta av oppover til under fjellet og så gå sørover mot Gåsebakkane. Vi telta rett nord for Gåsa. Med lett utstyr la vi i vei vidare mot Svartevassnyken og Månyta. Frå Månyta er det ikkje langt over breen til Gjegnen, men vi hadde ei anna rute i tankane for å nå denne 2 dagar seinare.

Dag 2: Ein rein transportdag i litt grått ver. Droppa Hyeneshesten denne gongen. La oss til i telt mellom Middagsvatnet og Skarvevatnet. Fisken ville ikkje ta. Her skal være flott fisk, men vanskeleg å få.

Dag 3: Gjegnen-nordegga. Denne hadde vi høyrt skulle være gangbar. Gjekk sørvestover mot Isevatnet som vi passerte i nordenden. Oppover mot ryggen blir det bratt og det såg svært vanskeleg ut. Som vanleg brukar det løyse seg men i nokre parti var det svært luftig. Her bør ein ikkje gå om ein ikkje er trygg på krevande luftig klyving! Fantastisk vindstille dag på toppen. Retur same vei som opp. Ny natt i teltet ved vatna.

Dag 4: Pakka sekkane og gjekk mot Skarven. Sette igjen utstyr her og gjekk austover igjen mot Nosa og Skeistrandhesten som Lise mangla i samlinga. Frå Skeistrandhesten er det luftig og bratt ned til Skeistrand. Tilbake til Skarven og fann ruta ned til Mettenes. Denne virkar ikkje mykje brukt siste åra. Vil tru at etter anleggsvegen kom opp Yksnelvane er det dette mange brukar som utgangspunkt for tur til Gjegnen frå nord. Ruta til/frå Mettenes er merka og går vel enno greitt å finne. I ei hylle i fjellet hang det ein wire. Skysskaren kom som avtalt til Mettenes. 4 flotte dagar i eit svært spennande område! Kan anbefalast.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by kobbenes 19.08.2014 23:25

    den nordegga har eg ganske lyst til å gå sjølv. var det mykje laust fjell? Kva du trur om potensialet for klatring og alpine aktivitetar i området?

    • -
      avatar

      Missing title

      Written by Vinjar 23.08.2014 20:43

      Langs egga var det ikkje vanskeleg fjell å klyve i, berre luftig. Nokre punkt der vi vurderte ulike muligheter, men mykje sa seg sjølv. Angåande klatring så er eg usikker sidan eg ikkje har drive denne sporten så langt sjølv. Opps no var eg vist innlogga som Vinjar.

      • +
        avatar

        Sv:

        Written by mortenh 23.08.2014 20:48
      • +
        avatar

        Sv:

        Written by kobbenes 24.08.2014 01:20
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.